To av våre klyngepartnarar er blant dei nominerte til årets Siva-pris. Prisen løftar fram selskap som har fått til vekst gjennom grøn omstilling.
Me er stolte og over at klyngepartnarar Beyonder og Westcon Power & Automation begge er nominert til Siva-prisen 2020. Avstemminga er open fram til 4. mai.
Gi di stemme her
Beyonder
Beyonder jobbar med utvikling av battericelleteknologi for energilagring som kombinerer høg effekt, rask lading, større tryggleik og lengre levetid. Teknologien er verdsleiande og vil opna for store miljøvinstar.
Beyonder har har utvikla tre produkt som skal produserast frå eigen fabrikk i Norge i 2023: Karbonmateriale laga av treflis, superkondensator-celler og ein kombinasjon av li-ion batteri og superkondensator. Sistnemnde gir i følgje selskapet ei hybridløysing med svært høg effekt, lading på to minuttar, betre tryggleik og lengre levetid – som ein superkondensator, men med fleire gonger meir energi.
Selskapet har henta inn kapital og samarbeider med leiande aktørar innan forsking og industri om utvikling, testing og pilotering av celleproduksjon. Beyonder har 13 tilsette, og skal tilsetja 20 til i 2020. I 2020 har skal selskapet også etablera eit Beyonder Battery Center. Dette senteret er eit forskings- og pilotproduksjonssenter, der selskapet i samarbeid med Universitetet i Stavanger og andre leiande forskingsinstitusjonar og industri vil driva relevant FoU og opplæring. Maskinell celleproduksjon skal vera oppe og gå i løpet av hausten 2020, og utvidast med heilautomatisk pilotproduksjon i 2021.
Westcon Power & Automation
Klyngepartnar Westcon Power & Automation har dei siste åra hatt ei betydeleg vekst både nasjonal og internasjonalt gjennom grøn omstilling. Bedrifta har gått frå olje og offshore industri og over til alt det som driv den grøne omstillinga i maritim sektor. Heile 70 prosent av omsetninga er no innanfor det fornybare, og satsinga har gitt både vekst og lønnsemd. Selskapet har blant anna leveransar til Norled og Noreg si første hydrogenferje, som er under bygging for Hjelmeland-sambandet. Dei har også leveransar av kraftsystem til over 30 elektriske eller hybride fartøy, blant anna til «Future of the Fjords» som er blitt eit ikon for grøn nærskipsfart.
Westcon Power & Automation er ein aktiv deltakar i NCE Maritime CleanTech, og dei er blant anna involvert i eit pågåande innovasjonsprosjekt som utviklar ein elektrisk, autonom bybåt for Haugesund, samt EU-prosjektet FLAGSHIPS, som utviklar teknologien for ei Norled-ferje som skal operera Finnøy-sambandet på trykksett hydrogen.