NCE Maritime CleanTech er ein av ti organisasjonar som i dag møter statsministeren for å gi innspel på tiltak som vil gi nye arbeidsplassar og sikra Noregs grøne konkurransekraft. Næringsministeren og klimaministeren deltar også på møtet.
Grøn skipsfart er eit satsingsområde for norsk industri, og ein sektor der me er godt posisjonerte for å ta ein internasjonal leiarposisjon. Som følgje av ambisiøse klimamål og strengare reguleringar vil etterspurnaden etter grøne løysingar auka verda over i åra som kjem. Miljøløysingar til skip vil difor gi store moglegheiter for nye arbeidsplassar og eksport for landa som prioriterer innovasjon no.
Norsk industri har ein unik moglegheit til å ta ein leiarposisjon i det grøne skiftet i skipsfarten, men det krev ei offentleg satsing og politisk vilje som stimulerer både tilbods- og etterspurnadssida i omstillinga, seier dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland.
Regjeringa har dei siste vekene innført ei rekkje mellombelse strakstiltak for å møta bremsen i norsk økonomi som følgje av koronakrisa. No skal dei i gang med neste fase, dei dei søker råd frå ulike bransjar om kva som skal til for å skapa nye jobbar og gi norsk industri eit grønt konkurransefortrinn.
I møtet med statsministeren vil NCE Maritime CleanTech leggja særleg vekt på fire område for å sikre utviklinga me treng framover:
- krav til nullutslepp i alle konsesjonar der ein forvaltar fellesskapet sine ressursar, som offshore og havbruk
- styrking av eksisterande verkemiddel for innovasjonsarbeid, og reduksjon i kravet til eigenfinansiering frå industrien
- tilretteleggjing for ny infrastruktur for fornybar energi
- oppretting av eit maritimt investeringsfond med ein tydeleg klimaprofil som skal investera i bedrifter som treng kapital og kompetanse for internasjonal skalering av grøn maritim teknologi.
Desse deltar i møtet saman med NCE Maritime CleanTech: Rederiforbundet, Eyde-klynga, eSmart Systems, Skift – Næringslivets klimaledere, Zero, Bellona, Altera Infrastructure og DNV GL.