I ei travel og annleis klyngetid har masterstudent Kristina Skogen byrja i praksis hos NCE Maritime CleanTech. Dei neste åtte vekene skal ho bryna seg på alt frå oppfølging av klyngebedrifter til utforming av søknader og rapportar.
Kristina Skogen studerer mastergrad i Innovasjon og entreprenørskap ved Høgskulen på Vestlandet. Frå tidlegare har ho ei bachelorgrad innan marinteknikk.
Frå Sør-Afrika til NCE Maritime CleanTech
Skogen skulle eigentleg vore i praksis i ei oppstartsbedrift i Sør-Afrika. Men kjapt etter oppstart måtte ho gjera vendereis på grunn av koronaepidemien, og finna ei alternativ løysing.
– Eg har lært NCE Maritime CleanTech å kjenna dei siste vekene, og det har vore både travelt og kjekt. I klynga synest eg kombinasjonen min frå innovasjonsstudie og marinteknikk kjem godt til rette, seier Skogen.
– Me vart tipsa om Kristina, då ho har merka seg ut ved å skriva gode oppgåver som er relevante for klynga vår. Mellom anna om botnsmurning av elektriske ferjer. Me er difor godt nøgde med å få ho med i praksis hos oss denne våren, seier direktør for prosjektstyring Håvard Tvedte.
I NCE Maritime CleanTech har Kristina hoppa retta inn i ein travel klyngekvardag. No handlar arbeidet mykje om å bistå bedrifter med å sikra at den grøne omstillinga kan halda fram, sjølv om mykje prosjekt og ordrar blir sett på vent. Skogen bidreg aktivt i dette arbeidet:
– Det er ei hektisk og viktig tid, der me står ekstra på for å sikra at gode innovasjonsprosessar kan halda fram. Kristina er aktiv bidragsytar i alt dette arbeidet, og jobbar mellom anna med å laga ei oversikt for internasjonale marknadsutsikter for elektriske fartøy. Å få opna marknader og styrka etterspurnaden etter maritim miljøteknologi er svært viktig for klyngebedriftene våre, seier Tvedte.
Kristina Skogen arbeidar no frå heimekontor i Ulsteinvik, men gler seg til at samfunnet kan opnast meir.
– Målet må jo vera å få delta på fysiske arrangement i klynga framtida. Eg har møtt mange klyngedeltakarar via digitale møte, og det fungerer bra. Men, når det er sagt, eg ser òg fram til å møta, sjå og høyra dei diskutera grøn maritim omstilling og innovasjon på seminar og konferansar i regi av klynga.