PILOT-E er eit samarbeid mellom Forskingsrådet, Innovasjon Norge og Enova. Det er eit næringsretta tilbod som skal få fram løysingar som kuttar utslepp av klimagassar og bidreg til meir effektiv energibruk i Noreg og internasjonalt. Årets utlysing er retta mot utsleppsfri maritim transport og klimanøytral industri.
I høve covid-19-pandemien, har regjeringa løyva midlar til auka forskingsinnsats, innovasjon og næringsutvikling, og årets PILOT-E har difor meir tilgjengelege midlar enn tidlegare år.
Denne utlysinga er høgaktuell for våre klyngedeltakarar, som leverer framtidsretta energiløysingar til alle delar av maritim sektor, seier dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland.
NCE Maritime CleanTech var ein av aktørane som fekk støtte frå ordninga si fyrste utlysing i 2016. Då vart klynga tildelt 20 millionar til utviklinga av energisystemet på Urban Water Shuttle. Wärtsilä leiar prosjektet, med Fjellstrand, Servogear, Grenland Energy, CFD Marine og Hydro Extrusion som partnarar. Klynga er også med i eit konsortium som fekk tildelt 33,5 millionar frå ordninga i 2019, for å byggja opp ei komplett forsyningskjede for flytande hydrogen til den maritime industrien. Dette prosjektet vert leia av BKK, med hovudpartnarar Equinor og Air Liquide. Dei andre partnarane er Norled, Wilhelmsen, NorSea Group, Viking Cruises og NORCE.
Meir informasjon om utlysinga finn du her.
Klyngeadministrasjonen vil bistå bedrifter i NCE Maritime CleanTech i å identifisera moglege tema og partnarar til Pilot-E-samarbeid. Søknadsfristen er 16. september 2020 kl. 1300.