Satsinga på elektriske fartøy kjem til å auka i åra som kjem. Det viser vår nye analyse om fleire aktuelle eksportland for norske leverandørar.
– Det er venta ei auka satsing innanfor elektriske fartøy i mange land i åra framover. Denne auka satsinga vil igjen resultera i nedgang i klimagassutsleppa. Marknaden for aktørar som kan levera teknologi og løysingar for null– og lågutsleppsskip vil også veksa, seier Kristina Storegjerde Skogen.
Skogen er masterstudent og har dei siste månadene vore i praksis i NCE Maritime CleanTech. Ho står bak marknadsanalysen.
Norge i front, men fleire land aukar satsinga
Analysen tek føre seg marknadspotensialet og ambisjonane for elektriske fartøy i fem land; Canada, USA, Storbritannia, Nederland og Norge. Skogen har samla klimagassmål, ambisjonar og korleis landa ligg an i prosessen med å gå over til fornybar energi.
– Dagens teknologi gjer det fullt mogeleg å gjera ferjer heilelektriske. På enkelte ruter er det også mogeleg å gjera hurtigbåtar heilelektriske, seier Skogen.
Å få innpass i andre marknader, inneber å navigera i ulike nasjonale og statlege reguleringar, og det er noko norske aktørar kan få bistand til ved å ta kontakt med NCE Maritime CleanTech og verkemiddelapparatet.
– Det er ikkje mogleg å ta med alt i ein slik rapport. I denne analysen er det avdekka auka satsing på elektrifisering i desse landa. Eit naturleg neste steg er å finna meir ut om for eksempel inngangsbarrierar for norske leverandørar i desse ulike marknadane. Det kan gjerast i samarbeid med NCE Maritime CleanTech, og med god støtte frå Innovasjon Norge sine utekontor rundt omkring i dei relevante marknadane, seier Skogen.
Rask teknologiutvikling
FNs sjøfartsorganisasjon IMO har vedteke å halvera utsleppa frå internasjonal skipsfart innan 2050, samanlikna med 2008. Med ei venta levetid på skip på 25-30 år, byrjar det å hasta for næringa å ta grep.
– Designar og byggjer ein skip i dag må ein ta høgde for eit betydeleg strengare utsleppstak i løpet av skipets levetid. Samstundes må ein også vera fleksibel med tanke på drivstoff, seier Skogen og legg til;
– I ein slik marknadsanalyse vil det ikkje vera mogeleg å komma fram til ein skråsikker konklusjon. Det kan dukka opp nye radikale innovasjonar og teknologiar som me ikkje kan forutsjå, og som vil endra marknaden fullstendig. Det kan også gå andre vegen. Det kan oppstå kriser som vil påverka veksten og senka hastigheita på utviklinga. Ein slik situasjon har me no, der verda er inne i ei pandemikrise. Kombinert med eit stort oljeprisfall kan det òg få konsekvensar for vidare utvikling av elektrifisering av fartøy i maritim sektor, seier Skogen.