Maritime CleanTech arrangerer mange klyngeaktivitetar i haust. Me følgjer sjølvsagt helsemyndigheitene sine råd og vil vurdera fortløpande om det er forsvarleg å arrangera fysiske møte eller ikkje.
Opphavleg var planen å møtast fysisk i ressursgruppa for hydrogen neste veke. I lys av smitteauken me opplever etter ferien har me valt å heller arrangera dette møtet digitalt, via Microsoft Teams.
– Sjølv om det i teorien framleis er lov å arrangera seminar med inntil 200 deltakarar, skal Maritime CleanTech ta ansvar og bidra i den kollektive dugnaden for å hindra smittespreiing i samfunnet. Me gler oss veldig til kvardagen er tilbake og me kan møtast fysisk igjen i større forsamlingar, men førebels er det viktigaste å stoppa spreiinga av koronaviruset. Me har fleire planlagde møte, seminar og konferansar ut året. I tråd med helsemyndigheitene sine råd kjem me til å vurdera fortløpande om også desse blir digitale eller ikkje. Me vil leggja ut oppdatert informasjon i våre kanalar, og oppfordrar klyngemedlemmene våre til å følgja med der, seier Hege Økland, dagleg leiar i Maritime CleanTech.