- This event has passed.
Grøn skipsfart – Enovas tilbod (webinar)
17th November 2020 at 10:00–11:00
Event Navigation
Nyleg lanserte Enova ei ny støtteordning for bedrifter innan fiskeri, havbruk og offshore. No blir det enklare å få økonomisk støtte for å installera batteri og landstraumsystem i både nye og eksisterande fartøy. Målet er å setja fart på utsleppskutt til sjøs.
17. november arrangerer NCE Maritime CleanTech eit webinar saman med Enova. Arrangementet er ope for deltakarar frå medlemsbedriftene i NCE Maritime CleanTech. I webinaret kjem Enova til å informera om dei ulike støtteordningane Enova har innan grøn skipsfart.
Program:
- Velkomen – Håvard Tvedte, NCE Maritime CleanTech
- Støtte til ny teknologi og EUS innovasjonsfond – Anton Sjökvist og Ingrid Aune, Enova
- Støtte til batteri (og litt «attåt») i fartøy – Reidun Svarva og Sofie Møller, Enova
- Erfaringar med Enova-prosjekt – case frå medlemsbedrift i NCE Maritime CleanTech
- Spørsmål, svar og oppsummering
Påmeldinga har opna (i lenka over).