Marknaden for maritim klimateknologi og norsk eksport
April 22 at 13:00 – 14:30

Norsk maritim industri er den klart største eksportnæringa i Noreg etter olje og gass, sterkt driven av leverandørar av utstyr og teknologi. Det finst få av dei store etablerte næringane i Noreg som alt er i verdsklasse og samstundes har store vekstmoglegheiter. I DNB sin rapport om framtidig konkurransekraft blir eksport av klimateknologi frå maritim industri peikt på som ei av dei store moglegheitene for Noreg.
I 2025 eksporterte maritime leverandørar av teknologi, utstyr og design for heile 164 milliardar kroner. Kor stor del av dette utgjer eksport av klimateknologi? Og korleis ser den globale marknaden for klimateknologi i skipsfarten ut?
På oppdrag frå Innovasjon Noreg har Maritime CleanTech kartlagt den norske eksporten av klimateknologi frå maritim industri, og estimert den globale marknaden for maritim klimateknologi i samarbeid med Menon Economics.
Dette er aller første gong dette er gjort, og resultata er svært interessante. Korleis vil dette påverke regjeringa sitt arbeid med ein ny maritim strategi?
Du høyrer mellom anna frå:
- Marianne Sivertsen Næss, fiskeri- og havminister (tba)
- Håkon Haugli, administrerande direktør i Innovasjon Noreg
- Håvard Tvedte, fungerande CEO i Maritime CleanTech
- Erik Jakobsen, partner i Menon Economics
- Erfaringar frå leiande selskap i maritim industri
Meir info og detaljert program kjem etter kvart.
Sted: Kantina på Media City Bergen, Lars Hilles gate 30.
Arrangementet er støttet av Agenda Vestlandet og skjer som en del av One Ocean Week 2026 i Bergen.




