- This event has passed.
Ressursgruppa for landstraum
7th October 2020 at 12:30–14:30
Event Navigation
Me inviterer klyngemedlemmer med interesse og kompetanse innanfor fagfeltet til å delta i ressursgruppa for landstraum. Målet med ressursgruppa er å bidra til å identifisera viktige moglegheiter, følgje med på og påverke utviklinga av landstraum. Kunnskapsdeling og erfaringsutveksling er viktige stikkord i samarbeidet.
Thor André Berg (BKK) vil leie gruppa frå starten, og Geir Odland i klyngeadministrasjonen i NCE Maritime CleanTech vil følgja opp gruppa sitt arbeid.
Førebels møte-agenda:
- Presentasjon av deltakarar
- Ressursgruppa sitt mandat og aktuelle tema for gruppemøta
- Gjennomgang av kartleggingsrapport om landstraum
- Presentasjon av Nordisk samarbeidsprosjekt på landstraum
Det første møtet er planlagt 7. oktober kl. 12.30-14.30. Dette vil bli gjennomført som eit Teams-møte.
Dette er ein førebels agenda. Justeringar kan komma etter innspel frå klyngemedlem som ønskjer å delta. Me høyrer gjerne frå deg og andre i verksemda di om de ønskjer å delta i ressursgruppa for landstraum.
Details
- Date:
- 7th October 2020
- Time:
-
12:30–14:30
- Event Categories:
- Conference, MCT
- Website:
- https://maritimecleantech.no/expergroups/shore-power-expert-group/