Sju selskap kjempar om prisen «Årets klyngepartnar». Vinnaren vert utnemnt under NCE Maritime CleanTech sin årskonferanse 10. desember.

I samarbeid med Sparebanken Vest har NCE Maritime CleanTech etablert prisen “Årets klyngepartnar”. Prisen skal gå til ei av våre klyngeverksemder som har utmerka seg innan grøn teknologi og som ein aktiv deltakar i klyngesamarbeidet.

 Prisen vart delt ut for fyrste gong i 2019. Då gjekk Corvus Energy av med sigeren, i sterk konkurranse med 23 andre nominerte selskap. Den 10. desember skal vinnaren for 2020 kårast, under direktesendinga av NCE Maritime CleanTech sin årskonferanse. Dei nominerte er: BKK, Norled, Wilhelmsen, Westcon Power & Automation, Odfjell, Eidesvik og Zinus.

Kven av selskapa som går av med sigeren vert bestemt av ein jury beståande av Ragnhild Janbu Fresvik (Sparebanken Vest), Liv Reidun Grimstvedt (Høgskulen på Vestlandet), Willie Wågen (Sustainable Energy katapulten), Kristin Flornes (NORCE), Asbjørn Tverdal (SKL) og Hege Økland (NCE Maritime CleanTech).

Årets klyngebedrift 2020 får 100.000 kr og eit diplom. Vinnaren kan også bruka tittelen «Årets klyngepartnar 2020» i promoteringsaktivitetar.

Prisen blir delt ut under NCE Maritime CleanTech sin årskonferanse, Chasing Zero, torsdag 10. desember. Ikkje gløym å melda deg på!

Kriteria er:

  • Verksemda har utvikla eller tatt i bruk ei løysing som bidreg til redusert energiforbruk eller utslepp frå maritime operasjonar
  • Verksemda driv utviklings-/innovasjonsarbeid i samarbeid med partnarar frå klynga
  • Verksemda har strategi for kommersialisering/fullskalabruk og skalering av løysingar
  • Verksemda arbeider systematisk med å redusera eige karbonfotavtrykk og miljøpåverknad
  • Verksemda er ein god ambassadør for klynga ved å framheva klyngesamarbeid i sitt arbeid
  • Verksemda er aktiv deltakar i ulike klyngeaktivitetar (eks. årkonferanse, ressursgrupper, klyngeverkstad, workshopar osv.)