
Med skyhøge klima-ambisjonar og korte fristar slår Innovasjon Norge fast at moglegheitene for norsk null- og lågutsleppsteknologi i den franske ferje- og shippingmarknaden er store.
– Me har laga ein marknadsrapport som tek føre seg ein marknad som kan bli stor for norske aktørar. Den franske ferje- og shippingmarknaden har vist stor interesse for norske aktørar, seier Eli Wærum Rognerud, eksportansvarleg i Innovasjon Norge Paris.
– Innan 2030 skal Frankrike kutta bruken av fossil energi med heile 40%. Innan 2050 har franskmennene eit mål om å vera klimanøytrale. Her kjem det med andre ord til å gå fort, så her gjeld det for norske aktørar å vera på ballen, seier Gyrid Espeland i eksportteamet til Innovasjon Norge Paris.
Rognerud og Espeland står bak den ferske rapporten «Greening maritime and river transport: Opportunities in the French shipping and ferries market». Saman presenterte dei to konklusjonane i rapporten i eit webinar i samarbeid med NCE Maritime CleanTech.
Frå veg til vatn
Frankrike har det største elve- og kanalnettverket i Europa. Heile 8.500 kilometer med vannvegar gjer mogelegheitene for å flytta frakt frå veg til elver og kanalar store.
– I dag er det berre 2% av innlandsfrakt som går sjøvegen. Det utgjorde 56,3 millionar tonn i 2019. Franskmennene har eit uttala mål om å flytta meir transport frå veg til elver og kanalar, seier Espeland.
Per i dag har Frankrike 1040 ferjer av ulikt slag i drift. På elvene går også sightseeingbåtar, elvecruiseskip og ulike fritidsbåtar.
Nytt «mind set»
I Frankrike jobbar ein også med å dekarbonisera resten av den maritime næringa.
– Alt i frå hamner til den franske industrien skal bli grønare. Og no ser me ei ny haldning hos franskmennene. Dei vil til dømes konkurrera mot andre store hamner i Europa, og ser at dei då treng dei beste miljøvenlege løysingane som er tilgjengelege med ein gong. Dei treng ikkje nødvendigvis utvikla teknologien sjølv, seier Rognerud.
For norske aktørar er difor mogelegheitene store.
– Dei ønskjer å læra av oss. Både måten me jobbar på politisk, og måten me utviklar ny innovasjon. Sjølv om norske aktørar kan entra den franske marknaden i fleire segment, ligg dei største mogelegheitene for norske aktørar innan utstyr, service, design og engineering, seier Rognerud.
For ferje- og shippingmarknaden kjem elektriske og hybride framdriftssystem, spesielt med hydrogen som energibærar, til å møta stor etterspurnad.
Store mogelegheiter
– Denne rapporten viser at det er store mogelegheiter for klyngebedriftene våre til å byggja sterke, internasjonale konsortium som kan resultera i nye, viktige utsleppskutt frå maritim sektor. Potensialet i ein grønare fransk maritim marknad må òg sjåast i samanheng med dei nye EU-utlysingane som kjem på nyåret. I klyngeadministrasjonen i NCE Maritime CleanTech er me klare til å bistå i koplinga mot franske og europeiske partnarar. Eg vil oppmoda medlemsbedriftene om å bruka oss aktivt her, og me skal òg koma tilbake med invitasjonar til internasjonale nettverksarenaer i 2021, i tett samarbeid med Innovasjon Norge i Frankrike, seier Håvard Tvedte, prosjektdirektør i NCE Maritime CleanTech.
Som medlem i NCE Maritime CleanTech kan du lesa heile rapporten frå Innovasjon Norge sitt eksportteam i Paris her (OBS! Krev innlogging).