Loading Events

Back to all Events

  • This event has passed.

Arendalsuka: Grøn skipsfart som nytt norsk eksporteventyr – med skjær i sjøen?

17th August 2021 at 10:3012:00

Event Navigation

I Noreg er me leiande på utviklinga av nye teknologiar for grøn omstilling av skipsfarten. Norske bedrifter er stadig dei første til å demonstrera nye låg- og nullutsleppsløysingar til sjøs. Dette trengst for at skipsfarten skal møta både norske og internasjonale utsleppskrav og klimamål.

Her har Noreg eit godt utgangspunkt for å bygga verdiskaping og grøn eksport, men kva hindrar oss i å realisera dette? Korleis sikrar me at bedriftene klarer å kommersialisera teknologiane og å ta internasjonale marknadsposisjonar? Og korleis hindrar me teknologilekkasjar? Mange utanlandske aktørar pustar oss no i nakken: Korleis unngår me å forbli «pilotlandet»? Korleis utnyttar me moglegheitene i ein marknad der investorar og bankar no krev grøne løysingar?

Til debatten kjem næringsministeren som nyleg har lansert Noregs nye eksportsatsing. Her kjem fleire politikarar, representantar frå både kapitalsektoren og verkemiddelapparatet, og ikkje minst næringsaktørar som er klare til å erobra verda med norskutvikla miljøteknologiar. Maritime CleanTech ønsker velkomen!

Deltakarar:
  • Iselin Nybø, Næringsminister (V)
  • Espen Barth Eide, Stortingsrepresentant (Ap)
  • Helge Orten, Stortingsrepresentant (H)
  • Arne Nævra, Stortingsrepresentant (SV)
  • Geir Pollestad, Stortingsrepresentant (SP)
  • Ragnhild Jansbu Fresvik, SVP, Sparebanken Vest
  • Hege Økland, CEO, NCE Maritime CleanTech
  • Geir Bjørkeli, CEO, Corvus Energy
  • Lars Endre Gimmestad, Deputy CEO, Brødrene Aa
  • Leif A. Stavøstrand, CEO, Evoy
  • Håvard Tvedte, Kommunikasjonsdirektør, NCE Maritime CleanTech

Arrangementet er ombord Statsraad Lemkuhl under Arendalsuka, og blir strøyma via Arendalsuka.no

Details

Date:
17th August 2021
Time:
10:30–12:00
Event Category:
Website:
https://program.arendalsuka.no/event/user-view/16059