Loading Events

Back to all Events

  • This event has passed.

Arendalsuka: Framtidas blå bybane – frå land til sjø

August 17 at 14:3015:30

Event Navigation

Norske byar skal bli både smarte og grøne, og norsk maritim næring er allereie klare med løysingar for nullutsleppsløysingar for bybåtar. Dette kan styrka kollektivtilboda og bidra til: kortare reisetid, mindre køar på vegane, mindre vedlikehaldskostnader og store reduksjonar i utslepp. Dette vil også oppfylla måla om smartare og grønare byutvikling, der mobilitet er nøkkelordet. Men, trass i ønska om å bruka sjøvegen i mykje større grad: det tar tid når det offentlege skal realisera nye planar. Private utbyggarar og maritime næringsaktørar er utålmodige.

Korleis kan me sikra at verdsleiande norsk maritim miljøteknologi kjem i bruk som eit kollektivalternativ i norske hamnebasseng? Kven får den første piloten? Korleis skal det organiserast? Er det fritt fram for private aktørar? Kva står i vegen?

Til debatten kjem nasjonale politikarar som har mål om å flytta meir av vegtransporten over til sjø. Her kjem byråd i Bergen for å presentera korleis ein jobbar med å realisera ny båtrute i indre hamnebasseng, og her kjem representantar frå opposisjon, byutviklingsaktørar og representantar frå maritim næring.

 

Deltakarar:

  • Erlend Horn, Finansbyråd (V), Bergen kommune
  • Marianne Chesak, Fylkesordførar (Ap), Rogaland fylkeskommune
  • TBA, statssekretær, Samferdselsdepartementet
  • Siv Remøy-Vangen, CEO, Maritime Bergen
  • Håvard Tvedte, Kommunikasjonsdirektør, NCE Maritime CleanTech
  • Nancy Jøssang, Partner, Opus
  • Lars Endre Gimmestad, Deputy CEO, Brødrene Aa
  • Hanna Maria van Zijp, Direktør samfunnskontakt, Zeabuz
  • Hege Økland, CEO, NCE Maritime CleanTech
  • Rune Hvass, Havnefogd, Arendal Hamn

Arrangementet er ombord Statsraad Lemkuhl under Arendalsuka, og blir strøyma via Arendalsuka.no

Details

Date:
August 17
Time:
14:30–15:30
Event Category:
Website:
https://program.arendalsuka.no/event/user-view/16442