Loading Events

Back to all Events

  • This event has passed.

Workshop of opportunities

31st March 2022 at 11:0015:00

Event Navigation

31. mars arrangerer Ocean Of Opportunities ein workshop på Stord. Her vil du få eit unikt inblikk i korleis den verdsleiande maritime næringsklynga Maritime CleanTech jobbar med EU-prosjekt – frå søknad til prosjektgjennomføring. Du vil også få læra meir om korleis Sustainable Energy katapultsenter bidreg for å gjera vegen frå idè til marknad så kort og rimeleg som mogeleg. Det blir også omvising i verdas første fullskala testsenter for nye og grøne energibærarar – Energy House.

EU-nettverket Ocean Of Opportunities jobbar aktivt med å få fleire bedrifter, forskingsinstitusjonar og offentlege aktørar til å ta del i EU-prosjekt, ved å kopla verdikjedene innan havnæringane tettare saman. Nettverket består av næringsklynger, forskingsinstitusjonar, katapultsenter, industri-inkubatorar, offentlege fagetatar, bransjeorganisasjonar, fylkeskommunar og kommunar. Til saman har klyngene over 550 medlemsbedrifter. Kjernepartnarane bak nettverket er Universitetet i Bergen, Energiomstilling Vest, NCE Maritime CleanTech, GCE Ocean Technology og Norwegian Offshore Wind Cluster.

PROGRAM

31. mars, klokka 11:00-15:00

  • Om Sustainable Energy katapultsenter (Anouk Firle, Tore Kallevåg og John Bjordal, Sustainable Energy)
  • Omvisning i testsenteret Energy House
  • Lunch
  • Om Maritime CleanTech og pågåande EU-prosjekt: Ship FC, Flagships, TrAM (Håvard Tvedte, kommunikasjonsdirektør, Maritime CleanTech og Morten Bjelland, leiar for digitalisering og innovasjon, Leirvik)
  • Slik jobbar Maritime CleanTech med EU-utlysingar (Øystein Huglen, innovasjonsdirektør, og Jan Norbeck, EU-rådgivar, Maritime CleanTech)
  • Framtidige Horizon Europe utlysingar (Jan Norbeck, EU-rådgivar, Maritime CleanTech og Henrik Staubo, NFR)

Details

Date:
31st March 2022
Time:
11:00–15:00
Event Categories:
,

Venue

Samhandlingsstova
Meatjønnsvegen 74
Stord, Vestland 5412 Norway
+ Google Map