Noreg er i front i den grøne omstillinga av skipsfarten, men det er likevel ein lang veg å gå. I dag lanserte me rapporten “Grøn Maritim 2022 – Teknologi, utslepp, verdiskaping og sysselsetting”. Maritime CleanTech og medlemsbedriftene viser fram gode eksempel på grøn maritim teknologiutvikling i rapporten.
Rapporten blei i dag overlevert klima- og miljøminister Espen Barth Eide, og gir eit viktig kunnskapsgrunnlag for Noregs vidare satsing på grøn skipsfart. Rapporten viser at det med få unntak er små fartøy som til no er dekarbonisert, i form av batteri og elmotor. I tillegg er fleire hydrogendrivne fartøy på veg.
Sju prosent av norske fartøy som er yngre enn fem år har installert nullutsleppsteknologiar, men målt i tonnasje er andelen betydeleg mindre. Det er difor viktig at fleire rederi kontraherer fartøy med framdriftssystem som blir klargjorte for nullutslepps-drivstoff som ammoniakk og hydrogen.
Medlemsbedrifter og prosjekt i Maritime CleanTech viser i rapporten korleis grøn maritim teknologiutvikling skjer i praksis, og korleis næringa gjennom samarbeid jobbar aktivt med utviklinga frå pilotering til skalering.
Evoy – Hurtiggåande elektrisk arbeidsbåt til oppdrettsnæringa
«Elisabeth» er ein av verdas første helelektriske arbeidsbåtar, utrusta med heilelektrisk framdriftssystem designa og utvikla av norske Evoy. Arbeidsbåten av modellen Polarcirkel 860 Cabin er det siste tilskotet til det heilelektriske oppdrettsanlegget Loddetå i Sveio, som Bremnes Seashore eig og driftar.
Ved å elektrifisere mindre, hurtiggåande fartøy i oppdrettsnæringa kan ein spara 60 tonn CO2-ekvivalentar. 75 prosent av energiforbruket i sjøfasen av norsk lakseoppdrett kan elektrifiserast med dagens teknologi.
Større arbeidsbåtar og mindre ferjer har estimerte innsparingar på 250 – 300 CO2-ekvivalentar per fartøy.
Wavefoil – energieffektive baugfoilar
Wavefoil har utvikla foilar som kan plasserast i baugen kor skip er smalast, og effekten størst. Løysinga fører til auka energieffektivitet (også for fartøy som går på ikkje-fossilt drivstoff), vesentleg reduksjon av CO2-utslipp, i tillegg til at både sikkerheit og komfort aukar.
Framdriftseffekten av foilene sparar drivstoff i intervallet 5-15 prosent. I tillegg vil vertikalbevegelsen reduserast med 15-25 prosent, noko som bidreg til både auka sikkerheit og betre komfort for besetning og passasjerer.
Wavefoil har etter pilotering fleire kommersielle leveransar på gang, og har mellom anna installert foilmodular på to katamaraner: ambulansebåten «Thea Jensen» og sightseeingbåten «Bard».
Medstraum – heilelektrisk hurtigbåt bygd i modular
I år skal verdas første heilelektriske hurtigbåt døypast i Stavanger. «Medstraum» skal frakta pendlarar lydløst mellom Stavanger, Byøyene og Hommersåk, med ein marsjfart på 23 knop.
Fartøyet, som blir bygd på Fjellstrand verft og som Kolumbus skal eiga og drifta, er eit resultat av vårt EU-støtta prosjekt TrAM.
Andre industrideltakarar i konsortiet er: Kolumbus, Wärtsilä, Fjellstrand verft, Servogear, Leirvik, Hydro, Rogaland fylkeskommune og Maritime CleanTech.
Om rapporten
Rapporten er utarbeida av Menon, med støtte fra Maritime CleanTech, Klima- og miljødepartementet, Innovasjon Norge, Eksportfinansiering Norge, Enova, Forskningsrådet og Rederiforbundet.