- This event has passed.
HAVlunsj: CleanTech Energy Incubator
25th May 2022 at 11:30–12:30
Event Navigation
Velkomen til HAVlunsj i Bergen!
Den nasjonale inkubator-satsinga CleanTech Energy Incubator skal bidra til meir utvikling av nye energiløysingar for havnæringane. Målet er å hjelpa både gründerar og etablerte selskap å få gode, grøne idear ut i marknaden. Inkubatorsatsinga er eit samarbeid mellom Atheno, Maritime CleanTech og Sustainable Energy katapultsenter, med støtte frå Siva.
Bli med på HAVlunsj for å høyre meir om tilbodet, der både initiativtakarar og bedrifter vil presentera seg.
Program:
Velkomen og intro til inkubator-ordninga v/ Silje Sivertsen, prosjektleiar i NCE Maritime CleanTech
Erfaringar frå inkubatorordninga, og siste status på produksjon av grøn hydrogen v/ HYDS
Banebrytande testfasilitetar i verdsklasse — på Vestlandet! v/ John Bjordal, Account Manager Sales & Business Development i Sustainable Energy Catapult Centre
HAVlunsj er ein serie med lunsjmøter i regi av VIS, Maritime Bergen, GCE Ocean Technology, NCE Seafood, NCE Maritime CleanTech og Marineholmen. Arrangementet er ein uformell møteplass for havnæringane, med fokus på kompetanseheving og nettverksbygging. Alle som ynskjer å delta er velkommen. Gratis lunsj til påmelde.
Venue
- VilVite
-
Thormøhlens gate 51
Bergen, Norway + Google Map