Loading Events

Back to all Events

  • This event has passed.

Vegkart for nullutslepp i havbruk: innspelsmøte

24th November 2022 at 10:0012:30

Event Navigation

Samtidig som innanriks skipsfart må halvere utsleppa innan 2030, står havbruksflåta ovanfor nye krav til sine utsleppskutt. Maritime CleanTech har fått midlar av Vestland Fylkeskommune til å utarbeide eit digitalt vegkart som skal vise næringa vegen.

I dette prosjektet vil me kartlegge teknologival, tilgang på nye drivstoff og egna alternativ for dei ulike fartøystypane. Målet er å gi aktørane eit betre beslutningsunderlag medan dei gjer sine investeringar. Samtidig vil me bane veg for nye utviklingsprosjekt, og bidra til å realisera målsetnadane for grønare havbruk.

Til dette oppstartsmøtet vil me invitere næringa inn for å komme med sine innspel. Kva treng ein meir informasjon om, og kva spørsmål har me allereie svara på? Kva faktorarar vil ha den største påverknaden på vegen vidare for havbruksfartøya, og kva teknologiar er mest relevante? Bli med på samlinga på Stord 24. november for å kartlegge vegen vidare saman med oss.

FORELØPIG AGENDA: 

  • 10:00 – 10:10 Vegkart for nullutslepp i havbruk: Prosjektpresentasjon av Maritime CleanTech
  • 10:10 – 10:30 Utsleppskrav til oppdrettar og korleis handtere desse, Andreas Moe Larsen, ESG Manager Bremnes Seashore
  • 10:30 – 10:45 Ei berekraftig flåte, Svein Nøttveit, teknisk koordinator settefisk Lerøy 
  • 10:45 – 11:05 Rammebetingelsar for lav- og nullutsleppsløysingar, John Kåre Torkelsen, Dagleg leiar Smart Automation 
  • 11:05 – 11:10 Beinstrekk
  • 11:10 – 11:30 Ny teknologi og marknadspotensiale, Veronica Haugan, Director Market Development and Public Relations Teco2030
  • 11:30 – 12:00 Open innspelsrunde: Kva treng næringa for å realisera utsleppskutta innan 2030?
  • 12:00 – 12:30 Lunsj

Details

Date:
24th November 2022
Time:
10:00–12:30
Event Category:

Venue

Samhandlingsstova
Meatjønnsvegen 74
Stord, Vestland 5412 Norway
+ Google Map