- This event has passed.
Workshop of opportunities
10th May 2023 at 11:00–16:00
Event Navigation
10. mai arrangerer Ocean Of Opportunities ein workshop i Stavanger. Her vil du få eit unikt innblikk i korleis den verdsleiande maritime næringsklynga Maritime CleanTech jobbar med EU-prosjekt – frå søknad til prosjektgjennomføring.
Du vil også få læra meir om mulegheitene for såkalla softfunding, presentert av konsulentselskapet Nordic Innovators, som spesialiserer seg på å finna støtteordningar for innovasjonsprosjekt. I tillegg vil Innovasjon Norge gå gjennom mulegheitene som ligg i statlege støtteordningar.
Arrangementet blir avslutta med ein workshop der aktuelle utlysingar i Horizon Europe er tema.
Program:
11:00-12.00 Lunch
12:00-12:15 Om Maritime CleanTech og pågåande EU-prosjekt – Øystein Huglen, innovasjonsdirektør Maritime CleanTech
12:15-12:45 Softfunding (norske og internasjonale verkemiddelapparat) – Kenneth Junge Hermansen, senior partner og CEO, Nordic Innovators
12:45-13:00 Statlege støtteordningar – Tim Genge, EU rådgivar, NCP CL5-klima,eneri og mobilitet, Innovasjon Norge
13:00-16:00 Workshop: Aktuelle utlysingar i Horizon – Jan A. Norbeck , EU-rådgivar Maritime CleanTech og Kenneth Junge Hermansen, senior partner og CEO, Nordic Innovators.
EU-nettverket Ocean Of Opportunities jobbar aktivt med å få fleire bedrifter, forskingsinstitusjonar og offentlege aktørar til å ta del i EU-prosjekt, ved å kopla verdikjedene innan havnæringane tettare saman. Nettverket består av næringsklynger, forskingsinstitusjonar, katapultsenter, industri-inkubatorar, offentlege fagetatar, bransjeorganisasjonar, fylkeskommunar og kommunar. Til saman har klyngene over 550 medlemsbedrifter. Kjernepartnarane bak nettverket er Universitetet i Bergen, Energiomstilling Vest, NCE Maritime CleanTech, GCE Ocean Technology og Norwegian Offshore Wind Cluster.
Organiser
Venue
- Ullandhaug, Stavanger
-
Richard Johnsens Gate 4
Stavanger, Norway + Google Map