Loading Events

« All Events

  • This event has passed.

Klimakveld på Havila Polaris: Kystruten på vei mot null

April 15 at 17:00 20:00

Korleis kan verdas vakraste kystrute også bli verdas grønaste? Maritime CleanTech og Havila Kystruten inviterer til teknologiseminar, mingling og omvisning på verdas mest miljøvenlege kystruteskip under One Ocean Week.

Med verdas største batteripakke i sin fartøyklasse kan «Havila Polaris» og søsterskipa allereie i dag segle fire timar utan utslepp og støy. Men Havila Kystruten har større ambisjonar: Dei vil segle utsleppsfritt heile vegen mellom Bergen og Kirkenes etter 2030.

Måndag 16. april kan du bli med ombord på «Havila Polaris» og oppleve «state of the art» innan miljøvenleg sjøfart. Ombord får du høyre frå leiande industri- og myndigheitsaktørar korleis dei ser for seg vegen mot nullutslepp for kystruta.

Du får også ein smak av Havila Kystruens berekraftige matkonsept, basert på dei beste lokale råvarer og minimalt svinn.

Obs: Begrensa plass – meld deg på i dag! Påmeldinga stenger torsdag 11. april.

Med:

  • Cecilie Myrseth, fiskeri- og havminister (Ap)
  • Jon Askeland, fylkesordførar (Sp), Vestland
  • Bent Martini, CEO, Havila Kystruten
  • Fredrik Witte, CEO, Corvus Energy
  • Kathrine Molvik, SVP Technology, Norwegian Electric Systems
  • Michal Forland, havnedirektør, Bergen havn
  • Håvard Tvedte, direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt, Maritime CleanTech

Spørsmål? Kontakt kommunikasjonsrådgjevar Runar Bjørkvik Mæland: runar@maritimecleantech.no, tlf. 975 64 932

Details

Date:
April 15
Time:
17:00–20:00
Event Category: