This article is in Norwegian

Ny strategisk satsing skal løfte norske, grøne teknologiar inn i europeisk marknad.

Vi må rigge oss for grøn maritim eksportnæring no, fordi det skjer no. I Noreg har me mange kompetente bedrifter og forskningsmiljø som er med på å utvikla dei løysingane verda treng – og difor er det viktig at me er på ballen når det gjeld eksport, seier statssekretær Even T. Sagebakken i Nærings- og fiskeridepartementet (Ap).

Europa står midt i den største maritime omstillinga på fleire generasjonar – og norske aktørar har utvikla dei grøne løysingane som trengst. Rederi, verft, utstyrsprodusentar, teknologiselskap, tenesteleverandører, og prosjektutviklarar: mange norske bedrifter har kompetansen og referanseprosjekta som gir konkurransefortrinn.

Gjennom Innovasjon Noreg si nye eksportsatsing for grøn maritim nærskipsfart, leia av Maritime CleanTech, får norske leverandørar inngangar til marknadene som no opnar seg i Europa. Her handlar det om å vere førstevalet når europeiske reiarar, hamner og myndigheiter skal investere i utsleppskutt.

– No er timinga god for å satse på grøne produkt og tenester. Me mobiliserer for å levere alt frå digitale komponentar og utstyr til heile energisystem, skip og skipsdesign, seier Øystein Huglen, direktør for teknologi og innovasjon i Maritime CleanTech.

Norske teknologiar først ute

Noreg har vist verda korleis ferjer og hurtigbåtar kan drivast utan utslepp. I 2015 starta verdas første elektriske ferje MF Ampere det som no er blitt ein flåte på over 100 elektriske ferjer og passasjerbåtar i drift langs kysten. Teknologiar er ferdig testa, under skalering – og etterspurt. Interessa tiltar både for ulike drivstoff-alternativ og for alle enkeltprodukt som bidrar til å redusere utslepp.
– Norske leverandørar kan tilby komplette løysingar – frå design og produksjon til drift og service – på ein måte ingen andre land kan matche når det gjeld å kutte utslepp frå skipsfarten, seier Huglen.

Europa er nøkkelen – og Noreg treng Europa

Europa investerer no over 750 milliardar euro årleg for å lykkast i den grøne omstillinga. Det er her marknaden for norske maritime bedrifter veks raskast – og me må posisjonere oss for å vere ein integrert del av dei europeiske verdikjedene.
For maritime leverandørar betyr det at vindauget for å ta grøne marknadsposisjonar har opna seg for dei som vil satse.
– Norske aktørar har både referanseprosjekta og kompetansen som trengst. Saman skal me sørge for at dei får posisjonen dei fortener, seier Huglen.

Bli med i eksportløftet

Representerer du ei norsk bedrift som ønsker å eksportera grøne produkt til nærskipsfarten i Europa?
Me samlar norske leverandørar i LinkedIn-gruppa Grønn maritim eksportindustri. Her deler me fortløpande marknadsnyheiter, kontraktsmoglegheiter og invitasjonar til aktivitetar.
I eksportsatsinga samarbeider Innovasjon Norge, Maritime CleanTech og Blue Maritime om å legge til rette for:
    • Marknadsinnsikt frå prioriterte marknader
    • Direktekontakt med kundar og partnarar i nøkkelsegment
    • Tilbod om å delta i delegasjonar, messer og B2B-møte
    • Synleggjering av dine løysingar gjennom Team Norway-nettverket

Meld deg inn i gruppa her og bli med på eksportløftet. Etterspørselen aukar – no er tida for å posisjonere seg.

Linkedin gruppa