Loading Events

Back to all Events

  • This event has passed.

Arendalsuka: 50 prosent utsleppskutt i norsk skipsfart innan 2030 – korleis auka farten?

August 18 at 12:3014:00

Event Navigation

 

Det er om lag 1000 ulike fartøy som dominerer Noregs utslepp frå innanriks skipsfart. Skal me nå våre mål om å oppnå 50 prosent utsleppskutt her innan 2030, må halvparten av desse fartøya erstattast med nullutsleppsfartøy. I gjennomsnitt 50 skip årleg. Tilsvarande skal verdas flåte på over 55 000 skip redusera sine utslepp med 50 prosent innan 2050.

Potensialet for norske leverandørar i den grøne omstillinga er enorme, men me er i dag langt unna å oppfylla dei komande måla. Korleis skal me sikra at produksjon, forsyning og bruk av nye grøne drivstoff kjem på plass? Korleis skal me sikra at verda ser til norskekysten i utviklinga av grøn skipsfart? Kva rammevilkår manglar for næringa? Kva rolle spelar dei viktige vareeigarane? Korleis bør reiarlaga manøvrera i møte med nye drivstoff og forretningsmodellar?

Til debatten kjem klimaministeren som jobbar for å oppfylla handlingsplanen for grøn skipsfart. Her kjem fleire politikarar, næringsaktørar som arbeider med å få opp nye verdikjeder rundt grøne drivstoff, og ikkje minst stiller dei viktige reiarane og vareeigarane.

Deltakarar:
  • Sveinung Rotevatn, Klima- og miljøminister (V)
  • Liv Kari Eskeland, Stortingsrepresentant (H)
  • Lars Haltbrekken, Stortingsrepresentant (SV)
  • Natalia Golis, Fylkesvaraordførar (MDG)
  • Siri-Anne Mjåtvedt, CEO, Utkilen
  • Magnus Ankarstrand, President, Yara Clean Ammonia
  • Morten Sundt, Manager, Marine Logistics & Emergency ResponseEquinor
  • Erik Ianssen, CEO, Hymatech
  • Steinar Madsen, General manager, Topeka
  • Bjørn Sundland, Forretningsutviklar,  BKK
  • Hege Økland, CEO, NCE Maritime CleanTech

Arrangementet er ombord Statsraad Lemkuhl under Arendalsuka, og blir strøyma via Arendalsuka.no

Details

Date:
August 18
Time:
12:30–14:00
Event Category:
Website:
https://program.arendalsuka.no/event/user-view/16061