Loading Events

Back to all Events

  • This event has passed.

HAVLUNSJ: Grøn skipsfart med EU-støtte (webinar)

September 17 at 11:3012:30

Event Navigation

Bedrifter i NCE Maritime CleanTech har hatt stor suksess i å henta innovasjonsmidlar frå EUs forskings- og innovasjonsprogram, Horisont 2020. Til saman har det blitt løyvd over 500 millionar kroner dei siste to åra til klyngedeltakarane våre.

I denne havlunsjen presenterer me fleire pågåande europeiske pionerprosjekt som utviklar grøne maritime løysingar. Felles er deira sterke involvering av norske industripartnarar. I tillegg får ein siste nytt om dei nye programma for EU-prosjekt, det inkluderer både Horisont Europa, Green Deal og Innovation fund.

Seminaret blir opna av næringsminister Iselin Nybø.

Agenda:

  • Noreg som grønt fyrtårn i EUs satsing på grøn maritim innovasjon – Iselin Nybø, næringsminister
  • Grøn maritim innovasjon med EU-støtte – Marie Launes, head of communications EU projects TrAM, ShipFC, FLAGSHIPS
  • Korleis klarte eit lite selskap frå Florø å få 45 millioner fra EU – Leif Stavøstrand, CEO, Evoy
  • EU-prosjekt – korleis starta arbeidet? – Marte Jensen, EU advisor, NCE Maritime CleanTech

Påmelding i lenka over, alle som ynskjer å delta er velkomen. Når du registrerer deg, vil du få tilsendt ei lenke der du kan følgja webinaret. Vel møtt!

Merknad: Denne havlunsjen er tilpassa lunsjtida på konferansen The Ocean Digital same dag. HAVlunsj er ein serie med lunsjmøte i samarbeid og regi av VIS, Maritime Bergen, GCE Ocean Technology, NCE Seafood og NCE Maritime CleanTech.

Details

Date:
September 17
Time:
11:30–12:30
Event Categories:
,