Loading Events

« All Events

  • This event has passed.

HAVlunsj på One Ocean Week: Bergen som energihub for grønn skipsfart

April 10 at 11:30 12:45

Bergen Havn er verdsleiande i å forsyna skip med rein energi, og ein drivar i omstillinga av skipsfarten på Vestlandet. Kva er dei neste stega på vegen mot nullutslepp? Maritime CleanTech inviterer til kraftsamling med maritim næring og leiande politikarar på HAVlunsj under One Ocean Week.

Klimastrategien til Bergen kommune set som mål at Bergen Havn skal bli fossilfri. I Klosterhagen-erklæringa vil byrådet «stimulere til et løft innen fylle- og ladeinfrastruktur for privatbiler, tungtransport og maritim sektor». Liknande ambisjonar går igjen i så vel nasjonale som fylkeskommunale planar. Men korleis får me det til i praksis?

I prosjektet «Energihub for skip» har Maritime CleanTech og partnarar i den maritime verdikjeda vurdert behov, barrierar og verkemiddel for utsleppskutt i sjøfarten gjennom auka bruk av lade- og landstraum. Sambruk, standardisering og politikk peikar seg ut som nøkkelfaktorar.

På denne spesialutgåva av HAVlunsj under One Ocean Week vil aktørane sjølve presentera kor dei ser at skoen trykker. Me inviterer til dialog med leiande politikarar om kva dei vil gjera for å realisera visjonen om ei utsleppsfri hamn.

Med:

  • Stian Davies, fylkesvaraordførar (Ap), Vestland fylkeskommune
  • Jacob Mæhle, finansbyråd (H), Bergen kommune
  • Camilla Neumann-Berg, Business Development Manager, Plug AS
  • Silje Glesnes, Chief Strategy Officer, Bergen Havn
  • Bjørn Sturle Hillestad, VP Sales and Marketing, Zinus AS
  • Lars A. Rødne, dagleg leiar, Rødne AS
  • Halvard Hauso, Commercial Director Europe, Corvus Energy
  • Håvard Tvedte, Head of Market Development and External Relations, Maritime CleanTech (programleiar)

Program

11.00: Oppmøte, mingling og enkel lunsj

11.30: Program frå scenen

  • Opning og introduksjon – Maritime CleanTech
  • Presentasjon av marknadsmoglegheiter og barrierar – Plug
  • Verdikjedepanel – Plug, Zinus, Rødne, Corvus og Bergen Havn
  • Politisk panel – Stian Davies og Jacob Mæhle
  • Disuksjon og spørsmål frå salen

12.45: Avslutning og mingling

Om HAVlunsj

HAVlunsj er ein uformell møteplass for havnæringane, med fokus på kompetanseheving og nettverksbygging. HAVlunsj blir arrangert ein torsdag i månaden av VISMaritime Bergen, GCE Ocean TechnologyNCE Seafood Innovation Cluster og Maritime CleanTech, vanlegvis på Marineholmen.

HAVlunsjen er gratis og open for alle. Gratis lunsj til påmeldte!

For påmelding, gå til skjemaet på toppen av sida.

Skoltegrunnskaien
Bergen, Norway
+ Google Map