Loading Events

« All Events

Arendalsuka: Ferjer og hurtigbåtar: Utsleppskutt og eksport – eller grøn fallitt?

August 13 at 13:30 14:30

Maritime CleanTech, NHO Sjøfart og Vestlandsrådet inviterer til debatt om framtida for ferjene og hurtigbåtane i Arendal.

Den grøne omstillinga av ferjene og hurtigbåtane skulle vere ei norsk suksesshistorie, men no ser me fleire snuoperasjonar. Mens nullutsleppskrava for ferjer kom med lite finansiering og ei rekke unntak, blei krava til hurtigbåtar skrota i fjor. Det utfordrar både norske utsleppsmål og eksportmål, og taparane blir både passasjerar og næringsaktørar.

Fylka planlegg anbod – men manglar både pengar og spelereglar for å satse på ny teknologi. Samtidig stig temperaturen, både i atmosfæren og i kommentarfelta. Korleis kan fylke og stat samarbeida for å realisere omstillinga – både for passasjerar og næringsaktørar? Kven tar styringa – og rekninga?

Møt næringa, politikarane og dei som sit med nøklane til grøn mobilitet på sjø:

Medverkande

  • Astrid Willa Eide Hoem – statssekretær, Klima og miljødepartementet (Arbeiderpartiet)
  • Ole Ueland – fylkesordførar, Rogaland fylkeskommune (H)
  • Jon Askeland – fylkesordførar, Vestland fylkeskommune (Sp)
  • Rannveig Drengstig – administrerande direktør, Norled
  • Reidun Svarva – kommersiell direktør, Torghatten
  • Fredrik Witte – administrerande direktør, Corvus Energy
  • Elise Caspersen – maritim fagansvarleg, Zero
  • Håvard Tvedte – direktør marknadsutvikling, Maritime CleanTech (ordstyrar)