Arendalsuka: Nye drivstoff til skipsfarten - korleis få verdikjedene i gang?

Maritime CleanTech samlar næringsaktørar og politikarar til debatt om kva som trengst for å få fart på utbygginga av verdikjeder for utsleppsfrie drivstoff til skipsfarten.

Manglande tilgang på miljøvenlege drivstoff gjer at omstillinga av skipsfarten heng etter. Samstundes spissar kampen om den reine krafta seg til. Kva etterspør skipseigarane, og kva treng drivstoffleverandørane for å få tilbodet i gang? Har storting og regjering dei rette verktøya for å setja fagre lovnader om grønt industriløft ut i livet?

Maritime CleanTech samlar næringsaktørar og politikarar til debatt om kva som trengst for å få fart på utbygginga av verdikjeder for hydrogen, ammoniakk og andre nye drivstoff. Debatten blir på den elektriske katamaranen "Rygerelektra" sentralt i Arendal.

Med:

  • Marianne Sivertsen Næss, havminister, Ap
  • Liv Kari Eskeland, stortingsrepresentant, H
  • Sveinung Rotevatn, stortingsrepresentant, V
  • Bent Martini, adm. direktør, Havila Kystruten
  • Andreas Enger, adm.direktør, Höegh Autoliners
  • Morten Solberg Watle, adm. direktør, GreenH
  • Hege Økland, dagleg leiar, Iverson eFuels/Hy2gen Nordic
  • Marthe Therese Solaas Møller, VP Bunkering and Market Development, Yara Clean Ammonia
  • Johannes Namstad Dobson, konserndirektør, Eviny Kraft for drivstoff
  • Ada Martine Jakobsen, adm. direktør, og Håvard Tvedte, direktør for samfunnskontakt, Maritime CleanTech

Kontaktperson: Runar Bjørkvik Mæland, tlf. 975 54 932, runar@maritimecleantech.no