Ei gruppe medlemsbedrifter i MCTW fekk like før jul kr 18,5 mill frå Innovasjon Norge si miljøteknologiordning til gjennomføring av eit felles utviklings- og demonstrasjonsprosjekt for null- og lågutsleppsteknologi. Prosjektet starta opp i januar i år og styringsgruppa hadde nyleg prosjektmøte om bord på MF Folgefonn som er ei av Norled sine ferjer. Ferja går mellom Jektevik, Huglo og Hodnanes. Dette sambandet er, med sine korte seglingsdistansar, godt egna for batteridrift.
Følgjande verksemder deltek i prosjektet: Wartsila, Norled (tidl Tide Sjø), SKL, Servogear, Fjellstrand, Mecmar og Apply Oil & Gas. Dei deltakande verksemdene har ulike leveransar inn i prosjektet. Styringsgruppa fekk ein nyttig omvisning i ferja, og fekk også viktige tilbakemeldingar frå mannskapet ombord. Prosjektet går over 3 år, og undervegs i prosjektet vil deltakarane få mange viktige erfaringar knytt til t.d. batteri, lading og infrastruktur på land. Batteridrift medfører ingen direkte utslepp, og verknadsgrada for eit slikt system vil vere vesentleg høgare enn t.d. dieseldrift.