MCTW har starta ein strategiprosess som skal bidra til å vidareutvikla og styrka klyngesamarbeidet. Gjennom vårt arbeid skal den maritime næringa bli meir energieffektiv og bærekraftig. I overkant av 20 deltakarar frå klynga var samla til ei todagars strategisamling på Fitjar hos Wartsila Ship Design. Sentrale aktørar som arbeider med rammevilkåra for den maritime næringa var også invitert. Viktige diskusjonar og gode innspel til vegen vidare, dannar grunnlaget for utvikling av ein felles strategisk plattform for MCTW.
Strategisamlinga var ei vidareføring av strategiarbeidet som vart starta på Bekkjarvik i september i fjor. MCTW har auka deltakarantalet frå 8 til 22 verksemder sidan etableringa i 2011. Involvering av samtlige klyngedeltakarar er ein viktig suksessfaktor i klyngeutviklingsarbeidet. William Fagerheim frå Mind the Gap, leia workshop og gruppearbeid. Viktig driverar for maritim miljøteknologi vart identifisert og scenarier for klynga vart presentert.
Samlinga vart avslutta med drøfting og presentasjon av fellesprosjekt som deltakarane i klynga ønskjer å samarbeida om. Strategi-/foresightprosessen er delfinansiert av Hordaland fylkeskommune og VRI Rogaland.