Nesten 40 deltakarar frå både industri og forskningsmiljø var samla på Stord for å høyra blant anna professor Stefano Brizzolara ved Massachusetts Institute of Technologi sitt foredrag om innovativ og energieffektiv design, og bruk av CFD som verktøy i designprosessen. I samarbeid med Polytec og EnergiRike arrangerte MCTW nyleg seminar med temaet Energieffektivitet for styrka konkurransekraft.

På seminaret deltok professor Stefano Brizzolara er assisterande forskingsdirektør ved avdelinga SeaGrant på MIT. Professor Brizzolara utviklar avansert skipsdesign der han brukar CFD (Computational fluid dynamics) som verktøy i utviklinga av ulike skrogkonstruksjonar som har særeigne hydrodymaniske eigenskapar. Denne type skrogdesign, der ein vektlegg å optimalisera sjøeigenskapane og minimera drivstoff-forbruket.

Randi Taxt, styremedlem i MCTW, og viseadministrerande direktør i BTO, presenterte to ulike prosjektinitiativ som kan stryka klynga sin posisjon som nasjonal kompetansehub innan energi og energieffektivitet; Science City Bergen og SFI (Senter for Forskningsdrevet Innovasjon) innan energieffektiv skipsfart. Initiativet til ein SFI-søknad er kome frå MCTW-klynga, som ser særlege forskningsutfordringar innan områda energieffektiv teknologi og operasjon. SFI-initiativet med tittelen “Maritime SHIFT – Ship Future Technology and Operations” har Universitetet i Bergen som vertsinstitusjon, og består av eit konsortium av sentrale forskningsmiljø som UiB, NHH, CMR, IFE og Polytec og fleire leiande bedrifter frå MCTW-klynga. Crina Silvia Ilea er foreslått som leiar for SFI-senteret, og på seminaret presenterte bakgrunnen for SFI-initiativet og innhaldet i søknaden.