29. januar var mykje maritim kompetanse samla p
å Stord til dialogmøte: «Increasing efficiency of vessel operations». Møtet vart arrangert av NCE Maritime CleanTech og forskingsstiftinga Polytec i samarbeid med Hordaland Fylkeskommune og Sintef.
Dialogmøtet hadde foredragshaldarar frå eit av verdas fremste kompetansemiljø, nemleg MIT (Massachusetts Institute of Technology) i Boston, USA. Professor Yuming Lie hadde trassa det dårlege snøvèret i New York-området, og reist til Stord for å halda innlegg om korleis ein med avanserte modellar kan rekna ut bølgjevarsel og dermed utvida tidsrommet som eit fartøy kan gjennomføra sine operasjonar i. Professor Stefano Brizzolara var tilstades via Skype frå Boston. Mange av deltakarane var også spente på Statoil sitt innlegg om komande tryggleik- og effektivitetskrav til offshorefartøy, særleg fartøy som ligg heilt i ro under ein operasjon på såkalla DP (dynamisk posisjonering).
Gunnar Birkeland, som er dagleg leiar i Polytec, ser eit større potensiale for tettare samarbeid mellom næring og forskingsmiljø.
– Slike dialogmøter er ein god måte for å treffast og drøfta relevante problemstillingar som næringa ønskjer løyst, og der forskingsmiljøa kan bidra, også med sitt internasjonale kontaktnett hos blant anna MIT. Det er også viktig med slike samlingspunkt for å fremja dialogen mellom reiarlag, operatørar og utstyrsleverandører.
NCE Maritime CleanTech meiner også at dialogmøter mellom næring og forskingsmiljø er viktig for å fram nye innovasjonsprosjekt og stadig forbetre seg. Gjennom NCE (Norwegian Centre of Expertise) har me ein god «verktøykasse» i form av midlar og kompetanseressursar til å hjelpa bedriftene med å få fram nye innovasjonsprosjekt.