Konseptet Short Sea Pioneer vart presentert for næringsminister Monica Mæland i Haugesund 3. februar. Næringsministeren uttrykte begeistring for konseptet som er utvikla gjennom ein Designdreven Innovasjons Prosess (DIP) i NCE Maritime CleanTech.
Ein aldrande flåte, strengare krav til utslepp og eit ønske om å flytte meir transport over frå veg til sjø skapar eit behov for nye løysningar for kysttransport. Short Sea Pioneer er ein 2-fartøysløysning som kan endra måten me frakter varer langs kysten.
– Godsmengda vil auke med 30-40 % dei neste 25 åra. Viss me ikkje klarar å løfte meir gods frå veg til sjø betyr det 80 millioner fleire vogntog på vegane. I dag er sjøtransport langs kysten på langt nær konkurransedyktig, seier dagleg leiar Hege Økland i NCE Maritime Clean Tech.
Containerrederiet North-Sea Container Line har vore sentral i utviklinga av Short Sea Pioneer. – Situasjonen for NCL i dag i Svelgen, der me henter last frå Elkem, er at hamna me hentar frakt er for liten, og godset må transporterast med lastebil til større hamner før det kan lastast ombord. Dette gjeld fleire stader langs kysten, sier Arne Jakobsen frå North-Sea Container Line i Haugesund.
2-fartøysløsning
Designselskapet EkerSandvik har dreve designprosessen. Konseptet er basert på grundige diskusjonar i brukergrupper med sentrale aktører frå klynga, der ein har fokusert på å tenke nytt for å løyse framtidas utfordringer.
– Basert på en systematisk kartlegging av utfordringa til nærskipsfarten arbeidde me oss frem til eit transportsystem med to fartøy der eit moderfartøy er designet for frakt mellom nøkkellokasjonar langs kysten. Eit datterfartøy står for frakt frå moderfartøy til mindre hamner, fortel Økland.
Fartøya er designa slik at omlasting frå moderfartøy til datterfartøy vil skje til sjøs på utvalgte punkt langs kysten. Basert på erfaringar frå offshoreskip vil ein slik 2-fartøysløysning vera gjennomførbar.
– Den kan brukast over heile kysten. Alle byar og hamner der ein har behov for å løfta transport frå veg over til sjø, spesielt mindre hamner som ligg nær industri, som Odda, Måløy, Svelgen og Hardanger.
Datterfartøyet skal ha framdriftssystem med nullutslippsteknologi. Dermed vil konseptet bidra til å få ned utslipp i hamn.
– Dette er ei viktig utvikling for å redusera utslepp knytt til transport generelt og spesielt i hamnebyar der utslepp både frå sjø og land må reduserast, seier Hege Økland frå NCE Maritime CleanTech.
Kan brukast over heile kysten
Eit grovt anslag frå NCL seier at dei kan spare 60 millioner – 15 % av omsetnaden – med eit slikt 2-fartøyskonsept.
– Med løysninga som no er utvikla gjennom Short Sea Pioneer, kan me henta lasta også i mindre hamner og få lasta levert nærmare kunden. Me kan dermed ta ein større del av transporten til sjøs. Med bruk av et konsept som Short Sea Pioneer, kan eit rederi som vårt som omset for ca 400 mill kr få ein merverdi i form av reduserte avgifter og auka omsetnad på 60 millioner kroner, sier Arne Jakobsen frå NCL.
Politiske rammevilkår må plass
Short Sea Pioneer kan vera del av løysninga på en del sentrale utfordringar innan både maritim næring, miljø og samferdsel.
– Konseptet «Short Sea Pioneer» er eit godt døme på at norsk maritim industri har den kompetansen som trengs for å utvikla neste generasjons transportfartøy, med kystområder over heile verda som potensielt eksportmarked. Men for å få dette til i eit kommersielt marked, bør ett sett insentiver på plass fra politikarane, sier Hege Økland frå NCE Maritime CleanTech.
- Offentleg deltaking i pilotprosjekt gjennom for eksempel Enova
- Finansieringsordningar for rederar
- Miljørabatt for låg-og nullutslippsfartøy
Sjå film frå prosjektet her. Sjå animasjonen av konseptet her.