Oslofjorden kan bli eit nytt, blått kollektivfelt med eit nettverk av elektriske hurtigbåtar. Ei brei koalisjon står saman bak visjonen om framtidas maritime, elektriske kollektivtransport bygd av miljøvenleg aluminium.

Oslofjorden kan bli eit nytt, blått kollektivfelt med eit nettverk av elektriske hurtigbåtar som vår Urban Water Shuttle. Desse planane vart presentert for byrådsleiaren i Oslo, Stian Berger Røsland, i førre veke.

Fjordbanen er det grøne skiftet i praksis, uttrykte ein begeistra byrådsleiar for prosjektet som no har brei politisk og regional vilje bak seg. – Elektrifiseringa av transportkvardagen vår er i gang. Andelen el-bilar og el-syklar veks langs Oslofjorden. Fjordbanen vil vera fullstendig integrert i vår nye, elektriske kvardag. Haldeplassane får ladestasjonar for både el-bil og el-sykkel, og visjonen er at overgangen til trikk i Oslo skal gå saumlaust. Det fortel Hege Økland, dagleg leiar for næringsklynga NCE Maritime CleanTech, som står bak konseptet.  – Me er no fleire skritt nærmare realisering av dette pilotprosjekt, seier Hege Økland.

Partnarane bak prosjektet er NCE Maritime CleanTech saman med Hurum kommune, Fagerstrand kommune, Akershus Fylkeskommune og Buskerud Fylkeskommune.

Prosjektet som er lansert som Fjordbanen, har fått stor merksemd i media. Her kan du lesa kva Teknisk Ukeblad skriv om prosjektet.

Fakta:

  • Hurum kommune har sammen med industriklyngen NCE Maritime CleanTech inngått et videre samarbeid med Hydro, Sapa og Fjellstrand verft om å få på plass et pilotprosjekt for Fjordbanen.
  • Partnerne jobber for å få støtte til etableringen av et nasjonalt pilotprosjekt for elektrisk hurtigbåt på Oslofjorden.
  • Fjordbanen vil ha mulighet for elbil- og el-sykkelparkering og -lading
  • Foreslått rute er i første omgang Sætre-Fagerstrand-Oslo
  • Reisetid med høy hastighet (28-30 knop) vil bli 45 minutter.
  • En båt med moderat hastighet (19 knop) vil bruke 60 min mellom Sætre – Fagerstrand og Oslo.
  • Passasjerfartøyet heter Urban Water Shuttle, og blir bygget med et skrog av aluminium, som på grunn av sin lave vekt og egenskaper egner seg spesielt for bruk til sjøs og tillater skip til å gå raskere, bære større nyttelast og reduserer utslipp.
  • Et pilotprosjekt med tre båter vil koste ca 100 millioner kroner.