Fleire av satsingane i forslaget til revidert budsjett kan sporast til innspela me har formidla til politikarane.
Forslaget til revidert nasjonalbudsjett blei lagt fram denne veka, og eit av tiltaka som fekk mykje merksemd var satsinga på grøn skipsfart. Løyvinga på 65 millionar kroner til miljøvenleg skipsfart er svært positiv, ikkje minst at 41 millionar kroner skal brukast på utvikling og innføring av låg- og nullutsleppsteknologi i innanriks-skipsfart. Det er også positivt at mandatet til det grøne investeringsselskapet Fornybar AS begynner å ta form, og at dette kan ventast i budsjettframlegginga til hausten.
Desse tiltaka viser at det å kommunisera nærings- og utviklingsbehova våre til politikarane kan ha positive effektar. Både kommunalminister Jan Tore Sanner og næringsminister Monica Mæland har understreka at besøka deira hos NCE Maritime CleanTech har inspirert dei til satsing på grønare skipsfart. Det fortel leiar i Stord Høgre, Liv Kari Eskeland, til Bladet Sunnhordland.