– Me ønsker å vera med der det skjer, seier Siri Hatland i Kystrederiene. Organisasjonen er ny deltakar i klynga vår, og det betyr at me får med oss ein stor og viktig representant for nærskipsfarten.

Kystrederiene er ein interesse – og arbeidsgivarorganisasjon med 100 reiarlag og 280 fartøy som driv innanfor bulk og veg, stykkgods, tankfartøy og havbruk.

Dei fleste av medlemmene er registrerte i NOR, men dei har også medlemmer registrerte i NIS og under utanlandsk flagg.

Vil bidra med kunnskap og erfaring
Leiar Siri Hatland i Kystrederiene er klar for samarbeid: – Med deltakarar frå heile den maritime verdikjeda blir NCE Maritime CleanTech ein viktig samarbeidsarena for oss. Me ønsker å bli involverte i prosjekt og bidra der me kan gjennom kunnskapen som våre medlemmer representerer.

Hatland trur Kysterederiene kan spela ei viktig rolle i klynga vår: – Nærskipsfarten representerer den miljøvenlege transporten på kjøl. Me har sidan tidleg på 2000-talet engasjert oss i miljøprosjekt, og ikkje minst tatt initiativ til eigne. Me kan mellom anna nemna Ny Frakt.

– Gjennom å bidra med våre erfaringar i klyngesamarbeidet, har me trua på at me kan hausta mange gode idear og kunnskap tilbake til medlemmene, avsluttar Hatland.

Me har fått fleire nye deltakarar i klynga i det siste, og alle vil bli presenterte på nettsidene våre framover. Forutan Kystrederiene tilfører også nye deltakarar frå Greenstat, Hellesøy verft, Valhall Nordic Green Products og Unitech alle nyttig kompetanse til klynga vår.

No tel klyngeamarbeidet vårt 60 deltakarverksemder.