Greenstat er ny deltakar i klynga og opnar med å invitera alle klyngekollegaer til konferansen Green Energy Day 23. september. Tema: ”Frå ord til handling”.
Greenstat utviklar og driv prosjekt knytt til berekraftig energi og teknologi, og er opptatt av prosjekt som støttar overgangen frå fossil til fornybar energiproduksjon og forbruk. I tillegg vil Greenstat investera og delta i selskap som bidrar til dette skiftet.
Green Energy Day 23. september
Som nye klyngedeltakarar opnar selskapet med å invitera til Green Energy Day neste veke. Her kan deltakarar frå andre klyngebedrifter få rabbatert pris på deltakinga. Les meir og meld deg på her.
Leiar Vegard Frihammer i Greenstat ser fram til å samarbeida med andre klyngedeltakarar: – Greenstat jobbar tett mot aktuelle marknader kor det er behov for grøne løysingar. Den sterke industrideltakinga i NCE Maritime CleanTech er svært interessant og relevant. Den sentrale rolla klynga har fått på nasjonalt nivå gjer det ekstra interessant. Målet er å delta i prosjekt kor me saman med andre klyngebedrifter kan utvikla radikalt nye løysingar som bidrar til ei grønare og meir berekraftig verd.
Satsar på hydrogen
Greenstat har valt hydrogen og lokal energi som sine satsingsområde. Innan hydrogen er maritim sektor sett på som spesielt interessant og Greenstat ønsker å vera ein pådrivar for realisering av hydrogendrivne fartøy. I tillegg jobbar selskapet med hydrogen til landtransport, industri og eksport.
Her tilfører Greenstat ny kompetanse til klynga forklarar Frihammer: – Det eksisterer få selskap som oss og me kan dermed tilføra ein ny dimensjon. Me kan vera ein «grøn koplar» mellom eksisterande aktørar. For eksempel innan hydrogen ved å kopla tradisjonelle kraftselskap med kundar som etterspør grøn hydrogen.
Hydrogen-stasjon, eit Greenstat-konsept.
Satsar internasjonalt i klynga
Frihammer ønsker å ta del i internasjonaliseringa av klyngesamarbeidet: – Det er ein styrke å kunna jobba tett saman med dei beste aktørane innan eit segment kor Noreg er verdsleiande. Me håper også at klynga kan opna dører for Greenstat internasjonalt.
I april deltok Greenstat i NCE Maritime CleanTech sin delegasjon som var invitert til Japan.