Unitech skal etablera eit nytt forskings- og utviklingssenter med eigen teknologidokk. – Me har idear som me vil testa ut og kommersialisera, gjerne i samarbeid med andre, seier prosjektdirektør Liv Kari Eskeland.
Unitech ser store moglegheiter i å utnytta teknologiar på tvers av sektorar, for eksempel frå subsea til maritim og marin.
– Alle står no midt i det grøne skiftet. På lik linje med andre i bransjen ser me det er nødvendig med utvikling og endra produksjon og produktsortiment. Det å kunna overføra teknologikompetanse mellom ulike område blir sentralt, seier prosjektdirektør Liv Kari Eskeland i Unitech.
Difor er også deltaking i klynger viktig, meiner Eskeland: – Me vil utnytta dei etablerte samarbeidsarenaene som NCE Maritime CleanTech har skapt – både nasjonalt og internasjonalt. Me skal delta aktivt og er opne for samarbeid, både på våre område og inn mot andre område som me har kompetanse på.
Satsar stort på forskings- og utviklingssenter
Bernt Hellesøe er gründeren som skapte Unitech, og som har nye konkrete idear som er klare til å testast ut. Dette er bakgrunnen for at dei no arbeider aktivt med å etablera eit nytt forskings- og utviklingssenter i Sunnhordland. Her skal ein ta idear frå teiknebrettet til uttesting, og nye produkt – og produksjonssamarbeid – kan oppstå.
Eskeland peikar på at Unitech er raske med å setja i gang produksjon etter vellukka uttesting av pilotar, og legg til at dei har lang erfaring med å arbeida med teknologi og materiale som er i kontakt med sjø:
– Her finst det teknologiar som er interessante å overføra til andre område, og det er denne utviklinga Unitech planlegg å setja fart på ved det nye forskings- og utviklingssenteret. Me ser på heile verdikjeda, og meir effektive arbeids- og produksjonsprosessar for gjennomføring av prosjekt. Problemløysing og forenkling i prosessar er alltid i fokus.
Kompetansen finst langs vestlandskysten
Eskeland er spesielt opptatt av resultata som kan oppstå når fagarbeidaren arbeider saman med ingeniøren på eit slikt senter i Sunnhordland: – Dette er heilt rett å gjera no. Ein taper noko på vegen når produksjonen blir overført til Asia. Å satsa i regionen vår gjer at me kan bruka den tilgjengelege og, ikkje minst, gode kompetansen som finst her.
Per i dag arbeider Unitech med fleire moglege alternativ for lokaliseringa av senteret, og arbeider med avgjerda i desse dagar. Dei planlagde fasilitetane treng opp mot 20-30 mål: det skal vera plass til både dokk og FoU-senter, i tillegg til transportruter mellom anlegga. Det blir spennande å følga med på nytt frå klyngedeltakar Unitech utover hausten.