Statens vegvesen har no lyst ut ein eigen utviklingskontrakt for ei ferje med hydrogen-elektrisk drift. Krava i kontrakten vil redusere CO2-utsleppa med over 4.000 tonn per år i forhold til i dag.

Foto: Helge Stikbakke / Statens vegvesen

– Som ein av dei første i verda utfordrar vi reiarlag, verft og teknologimiljø til å utvikle ei ferje som kan gå på hydrogen, seier vegdirektør i Statens vegvesen, Terje Moe Gustavsen, i ei pressemelding.

Utviklingsferja skal gå på sambandet Hjelmeland-Nesvik-Skipavik på rv. 13 innanfor Stavanger frå 2021. Drift av sambandet i ti år inngår i kontrakten.

Ei ny «Ampere»
Utlysinga av ei hydrogenferje kan samanliknast med utviklingskontrakten som mogleggjorde verdas første reine batteriferje, MF «Ampere».  Prosjektet skal gjere nullutsleppsteknologi mogleg for ferjestrekningar som ikkje er eigna for elektrisk drift åleine.

Det er planlagt to 80-bilars ferjer på sambandet. Den eine ferja er planlagt hydrogenelektrisk med minimum 50 % hydrogendrift, medan den andre skal vera elektrisk. For den hydrogenelektriske ferja er det stilt krav om nybygg.

–   Dette er ei utlysing som kan skyva nullutsleppsteknologi et langt skritt vidare. Prosjektet er av stor interesse for mange av partnarane i NCE Maritime CleanTech, og det blir spanande å følgja utviklinga, seier dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland.

Sjølve utlysinga finn du i Doffin her.