Årets klyngeverkstad for medlemmer i NCE Maritime CleanTech har fått tittelen «Smart og grøn vekst». «Smart» og «grøn» er to omgrep som er knytt tett saman: Teknologisk innovasjon og smarte investeringar i lågutsleppsløysingar kan skapa nye moglegheiter for vekst, fleire arbeidsplassar og auka overskot.

–   Ein lav oljepris og ein sterk global klimaavtale aukar behovet for omstilling i den maritime industrien. Noreg skal kutta klimagassutslepp med opp mot 40 prosent innan 2030 og bli eit lågutsleppssamfunn i 2050. Dette skaper nye utfordringar og moglegheiter for den maritime industrien, og me kan med sikkerheit sei at nye teknologiske løysingar og forretningsmodellar er heilt avgjerande for å lukkast, seier dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland.

I Rosendal 24.-25. august samlast deltakarar frå alle delar av industrien for å diskutera kva desse løysingane skal vera, og for å sjå på moglegheitene for nye, felles innovasjonsprosjekt i klynga. På programmet står også presentasjonar frå ekspertar innanfor ulike delar av industrien, som vil gi deltakarane inspirasjon til vidare satsing og innovasjonsarbeid.

Store framsteg innan digitale teknologiar
Eit av temaa for årets klyngeverkstad vil vera digitalisering. Den teknologiske utviklinga går stadig raskare, og byr i dag på moglegheiter som for få år sidan blei sett på som heilt urealistiske. Teknologiar som kunstig intelligens, virtuell verkelegheit, robotar og digitale teknologiplattformar byrjar å bli svært modne. Desse teknologiane gir industrien moglegheiter til å skapa nye tenester og nye forretningsmodellar, og på samlinga vil me få gode eksempel på dette.

–   Den digitale transformasjonen fører til ei rekkje teknologiske framsteg innanfor alle områder av den maritime industrien. I dag ser me starten på korleis denne teknologien redefinerer korleis selskap skapar verdi for kundane sine. Denne utviklinga vil akselerere i tida som kjem, og me vil sjå opprettinga av nye digitale og industrielle økosystem, seier Andrea Morgante.

Morgante er direktør for digitalisering innanfor Wärtsiläs maritime verksemd og ein av foredragshaldarane på samlinga.

Sjå fullt program og meld deg på verkstaden her.