På styremøtet i november vart tre nye selskap tatt inn som medlemmer av klynga. – At me er i stadig vekst er eit godt bevis på klynga sin sterke posisjon i industrien. Våre tre nye medlemmer har alle uttrykt at dei ser stor verdi i å vera del av eit nettverk og å delta i framtidige innovasjonsprosjekt, seier dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland.
Med sine tre nye tilskot tel NCE Maritime CleanTech no 74 medlemsbedrifter. Felles for desse er at dei ynskjer å samarbeida om å utvikla innovative og miljøvenlege løysingar til havnæringane.
TecTrans AS er ein nyoppstarta verksemd som har hovudkontor på Stord. Verksemda utviklar fleksible bruløysingar for transport av personell mellom rørlege installasjonar innan maritim-, marine- og offshoresektorane. Selskapet har utvikla eit avansert og sikkert bru-system med halvparten av vekta til andre tilsvarande system. TecTrans har patent på løysinga og driv for tida med utvikling av små-skala prototypar i Nederland. Selskapet reknar med å tilby eit ferdig salbart produkt innan eit år.
Inpower AS har hovudkontor i Molde, men blei i 2017 kjøpt opp av klyngepartnar Bostek som har hovudkontor i Bergen. Selskapet er difor tett kopla på Bostek si verksemd. Inpower er eit selskap som utviklar og leverer komplette elektriske framdriftsløysingar for skip, i tillegg til kontrollsystem og programmering av frekvensomformarar. Selskapet driv også med design av permanent magnet elektromotorar for bruk til framdrift i alle typar skip. Inpower har patent på sine hydropower turbinar, og har fokus på løysingar som gir drivstoffinnsparingar og reduksjon av utslepp.
Teknotherm Marine AS leverer komplette HVAC-system til marine- og offshore prosjekt med mykje norsk innhald, og har blant anna ein eigen fabrikk i Halden. Selskapet arbeider med prosjekt i alle storleikar, frå enkle fiskebåtar til store cruiseskip og mega yachts. Teknotherm jobbar kontinuerleg med utvikling av system og produkt for å vera i forkant når prosjekta endrar seg i kvalitet eller kompleksitet, og dei har spesielt gode referansar på kompliserte prosjekt som krev mykje kunnskap, og har strenge krav til komfort og energiinnsparingar. Dei leverer bl.a. komplette HVAC-system til Hurtigrutene på Kleven Verft, Color Hybrid på Ulstein Verft og eit 182m Research Expedition Vessel som vert bygd på Vard Brattvaag. Teknotherm har også servicekontor i Bergen, Ålesund og Tromsø.
– Klynga har fått fram mange spennande utviklingsprosjekt. Me ynskjer å være ei innovativ bedrift, og ser fram til å delta i framtidige samarbeidsprosjekt for å få fram nye løysingar. Teknotherm samarbeider allereie med fleire av partnarane i klynga, blant anna innan leveransar av batterikjølingssystem, varmepumpe-teknologi og løysningar for å utnytta overskotsvarme. Gjennom å vera ein del av NCE Maritime CleanTech vil me kunne styrka samarbeidet med desse, samt at me får knytt nye kontaktar, seier Jan Nordvik, Key Account Manager, Teknotherm i Bergen.