Det skjer mykje spanande i klynga for tida. Vår nye kommunikasjonskonsulent Peter Tubaas skal vera med å sikra at dei gode historiane får eit endå større publikum.

NCE Maritime CleanTech har tilsett Peter Tubaas i stillinga som kommunikasjonskonsulent. Peter vil i hovudsak jobba med innhaldsproduksjon for NCE Maritime CleanTech sine ulike kanalar.

Peter Tubaas starta som kommunikasjonskonsulent i klynga 1. januar.

–   Me er svært glade for å ha fått Peter med på laget. Han er blant anna ein svært kompetent videojournalist, og har allereie rukke å laga fleire filmar for oss som me har fått svært gode tilbakemeldingar på, seier dagleg leiar i klynga, Hege Økland.

Peter er utdanna lærar frå Høgskulen i Buskerud, men har arbeid heile karriæra si innan media og informasjon. Han har lang erfaring frå industrien, og har dei siste tolv åra jobba som informasjonssjef i ABB i Norge.

Ein ressurs for klyngedeltakarane
Forutan å vera ein del av klyngeadministrasjonen, vil Peter også tilby sine tenester til klyngedeltakarane.

–   Me ønskjer å tilby våre klyngebedrifter hjelp til deira kommunikasjonsarbeid og til å nå ut i sterkare grad med sitt bodskap. Vår kommunikasjonsavdeling skal i så måte vera ein ressurs for medlemmane. Omtale og formidling av fellesprosjekt i klynga vil, som tidlegare, bli utført av NCE Maritime CleanTech. Men dersom klyngebedriftene ønskjer å nytta våre kommunikasjonsressursar kan ein leige Peter inn på timebasis til for eksempel produksjon av video og marknadsføring av eigne aktivitetar, seier Økland.

Klynga vil om kort tid invitera inn til ein samling for dei som jobbar med kommunikasjon i klyngeverksemdene. Her vil me presentera planar framover og kva tenester klyngeadministrasjonen kan tilby.