Klyngepartnarane AquaPro og Wärtsilä Ship Design har fått støtte av NCE Maritime CleanTech gjennom Innovasjonsrammen, for å utvikla eit mobilt prosessanlegg som skal gjera fiskeavfall frå opprettsnæringa om til brennbart materiale.
Om alt går etter planen skal eit skreddarsydd prosesskip snart segla langs noregskysten og henta fiskeslam frå lukka oppdrettsanlegg på land og til sjøs.
– I vår løysing er ikkje oppdrettaren i kontakt med slammet. Det går rett i ein oppsamlingstank. Me koplar oss til ei bøye og hentar slammet med eit prosesskip, seier dagleg leiar i AquaPro, Ole Arthur Vaage.
Fiskeslam kan gjere sementindustrien grønare
Slam frå fiskeoppdrett er i all hovudsak fiskeskit og forrester. Avfallet blir eit dobbelt miljøproblem når det blir frakta vekk av trailarar. Med AquaPro si løysing blir logistikken rundt hentinga av slam meir miljøvenleg – og ikkje minst lønsam.
Om bord i skipet til AquaPro skal eit spesialdesigna prosessanlegg frå AMOF FJELL Process Technology ta seg av prosesseringa av slam til tørrstoff, til dømes pellets.
– Det tørka slammet kan nyttast til å produsera gjødsel, biogass eller brensel til fjernvarmeanlegg eller den svært energikrevjande sementindustrien. Me er allereie i samtalar med Norcem, som er veldig interesserte. Me ser også på moglegheiter for å nytta tørrstoffet til energi på oppdrettsanlegga, forklarar Waage.
Partane håpar å ha eit skip i operasjon frå 2020.
– Eg synes ideen er knallgod. Eg håpar det blir ein pilot i fyrste omgang – og eit større prosjekt seinare. Dette konseptet vil gjere bransjen grønare, seier Inge Skaar hos Wärtsilä Ship Design.
Klyngedeltakinga er «gull»
Strengare krav i høve til forureining er direkte utløysande for etterspurnad etter ny teknologi.
– Styresmaktene stiller no krav om reinsing frå slike anlegg. Men til no har det ikkje funnest nokon god løysing på problemet. Ettersom dette er ei stor utfordring for næringa, har me fått god mottaking i marknaden for ideen vår, seier Waage.
Måten konseptet er med på å gjere havbruksnæringa meir berekraftig på var ein av hovudgrunnane til at AquaPro var ein av fem søkjarar som fekk tildelt midlar via Innovasjonsrammen, som er eit finansieringsprogram frå Innovasjon Norge.
– Pengestøttea me har fått frå NCE Martime CleanTech gjennom Innovasjonsrammen i ein tidleg fase er viktig. Det er før ein har skapt si eiga cash flow at ein treng finansiell hjelp, understrekar Vaage.
– Det å få kontakt med eit så kompetent nettverk som me får i NCE Maritime CleanTech har vore gull for oss. Det er viktig å ha med seg dei rette samarbeidspartnarane, anten me snakkar om skipsdesignarar, reiarar eller sluttkundar, legg han til.
Stort marknadspotensial
I utviklingsfasen har prosjektet alt samarbeida tett med fleire store oppdrettsselskap. Medan prosessanlegg og fartøy er i ferd med å ta form, jobbast det parallelt med å marknadsføra konseptet.
– Frå ein merd kjem det 10 kubikk slam kvar einaste dag, som må beiarbeidast. Marknadspotensialet er stort. Dette har eg tru på at me skal få til, fordi me er svoltne på å få det til, seier en offensiv Ole Arthur Waage.
– Eg har absolutt trua på at me får dette fartøyet på sjøen. Me har ein jobb å gjera med å designa det ferdig, slik at me får plass til alt utstyret og at båten fungerer slik AquaPro ynskjer. Eg oppfordrar bransjen til å sjå nærare på ideen, slik at me kan handtera slammet deira på ein god måte, seier Skaar.