Over 70 teknologisvoltne gjester fekk ein smak av noko av det som finns av nye idear og løysingar for ei meir berekraftig havbruksnæring under HAVlunsj i Bergen.

NCE Maritime CleanTech var vertskap for årets andre HAVlunsj på Marineholmen i Bergen 22. februar. Temaet var grøne løysningar for havbrukssektoren.  HAVlunsj er ein serie med lunsjmøter i regi av GCE Subsea, NCE Seafood Innovation Cluster, Bergen Teknologioverføring – BTO/Nyskapingsparken Inkubator, NCE Maritime CleanTech og Marineholmen.

HAVlunsj er og ein uformell møteplass kor deltakarane får sjansen til å styrka og utvida nettverk og auka kompetansen innanfor havnæringane.

–   Me er svært godt nøgde med over 70 deltakarar på arrangementet, noko som syner at mange er opptekne av konkurransekraft og berekraft i norsk havbruk. HAVlunsj er eit lite arrangement, men har vist seg å være ein effektiv møteplass for alle oss som jobbar med framtidas grøne teknologi knytt til havnæringane, seier Pål G. Eide, prosjektleiar for innovasjon i NCE Maritime CleanTech.

Han opna samlinga med å gjere greie for arbeidet med havbruk i klynga. Han viste mellom anna til konseptet for eit prosessfartøy som skal henta fiskeslam hjå oppdrettarane og gjere det om til ein brennbar ressurs om bord, og til dei nydesigna null- og lågutslepps servicefartøya som vert skreddarsydd for behova til framtidas oppdrettsnæring.

Vil styrka omdøme til næringa
Salmon Group er eit nettverk for lokaleigde havbruksverksemder langs heile noregskysten. Nettverket sin leiar for samfunnskontakt Nils Aadland, gjorde greie for organisasjonen sine store ambisjonar på bransjen si vegne.

–   Arenaer som dette er viktige for å visa kva som går føre seg på tvers av dei blå klyngene. I Salmon Group ynskjer me å få til en positiv endring i bransjen. Oppdrettsnæringa treng å styrka omdømet sitt og då er etikk og berekraft noko av det viktigaste me jobbar med, fortel han.

Vil hausta meir energi og sjømat frå havet
Gunnar Birkeland frå Unitech Offshore vil at me skal hausta meir energi og sjømat frå havet, og presenterte nye løysingar som gjer fiskeoppdrett mogleg på stader der det ikkje er mogleg i dag. Til dømes lengre frå kysten.

–   Desse oppdrettsanlegga vil vere meir enn sjølvforsynte med sol- og bølgjeenergi og gjer at ein får eit langt større areal å produsera fisk på. Slik at ein kan auka den globale produksjonen av sjømat betydeleg. Overskotskrafta frå energiproduksjonen kan til dømes nyttast til å lada batteria på elektriske fiskebåtar, seier han.