Eit av verdas største konstruksjonsskip, North Sea Giant, er det fyrste i sitt slag med batteripakkar om bord. No er skipet i gong med sitt fyrste oppdrag som hybridfartøy. Prosjektet starta i NCE Maritime CleanTech for tre år sidan, og løysninga gir kutt i utslepp og driftskostnader på 30 prosent.

Etter ei veke med vellukka sjøprøver gjekk North Sea Shipping-fartøyet North Sea Giant nyleg på charter for TechnipFMC. For fyrste gong skal fartøyet utføra arbeid for Statoil i Nordsjøen med støtte av sine nye energilager.

– Me er svært nøgde med å sjå North Sea Giant operere med batteri og at me kan tilby kundane våre eit meir miljøvennleg og kostnadseffektivt fartøy. Dette har me fått til takka vere samarbeidet i NCE Martime CleanTech, ved hjelp av støtta frå Innovasjon Norge og Enova og god dialog med DNV-GL, seier operasjonssjef i North Sea Shipping, Sveinung Økland.

Økland er overbevist om at batteri er framtida for offshoreskip.

– Om me skulle bygd North Sea Giant på nytt i dag, ville batteri vore ei sjølvfølgje. Då kunne me halvert talet motorar frå seks til tre. Det er ikkje noko dyrare å byggja med batteri enn utan, seier han.

Nyttar batteri i krevjande DP-operasjonar

Innovative klyngepartnarar i eit av batteriromma om bord i North Sea Giant: Willie Wågen frå Corvus Energy, Henning Rebne frå reiarlaget North Sea Shipping og Sigbjørn Almås frå Wärtsilä.

Fartøyet vart bygd for krevjande havbotnsoperasjonar med dynamisk posisjonering og har tre separate energisystem med to dieselmotorar kvar. No har reiarlaget installert batteripakkar i alle dei tre energisystema. Det vil redusera utslepp og driftskostnader med rundt 30 prosent.

– Batteripakkane gjer kraftforsyninga om bord meir energieffektiv ved å ta toppane i forbruket. I tillegg er systemet designa slik at me kan kombinera krafta frå alle tre batteripakkane og redusera talet på dieselmotorar i drift frå tre til ein i gitte operasjonar. Det vil redusera dieselforbruket med to millionar liter årleg, seier Henning Rebne, teknisk sjef og leiar for hybridisering i North Sea Shipping.

Prosjektet starta i klynga
Forprosjektet starta i 2015 og fekk støtte av NCE Maritime CleanTech gjennom Innovasjonsrammen, som finansierast av Innovasjon Norge. Då forstudien synte at prosjektet var mogleg å gjennomføra, fekk North Sea Shipping hjelp av klynga til å søkja Enova om midlar for å realisera det. Dei har bidrege med halvparten av dei 73,6 millionar kronene som prosjektet vart kostnadsberekna til.

– At North Sea Giant har vorte grønare er ein milepæl mange har grunn til å vere stolte over. Me tok initiativet til prosjektet i NCE Maritime CleanTech fordi me såg at potensialet var stort og at me fant teknologikunnskapen me trengte i klynga. North Sea Shipping syner at dei er offensive med tanke på å gjere flåten sin grønare. Saman med klyngepartnarane Wärtsilä, Corvus Energy og The Switch og banar dei veg for ein ny stor marknad for grøne løysingar i offshoresegmentet. Verkemiddelapparatet har også vore heilt avgjerande for å komma i gang og ikkje minst for å kunne fullføra prosjektet, seier dagleg leiar Hege Økland i NCE Maritime CleanTech.

Store moglegheiter for leverandørindustrien
Kontrakten på oppgraderinga av energisystemet om bord i North Sea Giant gjekk til Wärtsilä, som også hadde den opphavelege leveransen av motorar, tavler, frekvensomformarar og kontrollsystem. Jobben hos Aibel sitt verft i Haugesund tok om lag to månader og omfatta installasjon av batteri og nye omformarar, ei løysing for lading på land, samt oppgradering av energistyringssystemet.

– Det er veldig spennande å jobba med framtidas teknologi, og me ser at batteri om bord i skip kjem meir og meir. Eg synes me kan vera stolte over at Noreg er eit føregangsland innan grøn skipsfart, mykje fordi styresmaktene legg til rette for det, og fordi me har framoverlente verksemder som tør å satsa, seier prosjektleiar Sigbjørn Almås i Wärtsilä Norway.
Wärtsilä har valt klyngeverksemdene The Switch som underleverandør på frekvensomformarar og Corvus Energy på batteripakke med styringssystem.

North Sea Giant var verdas største konstruksjonsfartøy og er no verdas første i sitt slag med batteripakke.

– Det er kjekt å sjå korleis North Sea Shipping går først i løypa og lar batteri spele ei så stor rolle i energisystemet til eit så stort og avansert fartøy . Disse batteria er spesiallaga for maritim bruk med tanke på tryggleiken. Me trur at batterisystem i offshorefartøy kan bli ein av dei største marknadene for oss framover, fordi fordelane med batteri er så formidable, seier europadirektør i Corvus Energy, Willie Wågen.