NCE Maritime CleanTech og Zero sitt seminar om utsleppsfri maritim sektor gav politikarane tydelege signal på at norsk maritim næring er klare for å levera utsleppsfrie løysingar i ei rekkje sektorar. – Men for at desse løysingane skal realiserast i stor skala må me få på plass meir ambisiøse klimakrav og reguleringar, seier dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland.
Den 10. april arrangerte NCE Maritime CleanTech og Miljøstiftelsen Zero seminar om vegen mot utsleppsfrie fjordar og maritim sektor i Oslo. På seminaret etterlyste fleire sentrale aktørar frå bransjen strengare krav frå politikarane, for å redusera utsleppa og for at norsk industri skal oppretthalda sin posisjon som verdsleiande innanfor miljøløysingar.
– Industrien treng tre ting: Myndigheiter som tør ta standpunkt, at det offentlege definerer horisonten på veksten, og eit godt verkemiddelapparat, sa Helge Otto Mathisen, konserndirektør for kommunikasjon og samfunnskontakt i Color Line.
Lengst gjekk Dagfinn Neteland i Fjord1, som uttrykte stor skuffelse over dei låge miljøkrava i Kystruteanboda.
– Eg var veldig skuffa over at det offentlege ikkje utnytta moglegheitene som låg i Kystruteanbodet. Med strenge miljøkrav kunne Kystruta bli eit utstillingsvindauga for Noreg, sa han.
Neteland bad også om strengare krav i fjordane våre.
– Tida for dieselferjer er forbi. Innan 12 månader vil 60 elektriske ferjer vera i bestilling som eit resultat av strengare miljøkrav. No gleder me oss til vedtak om utsleppsfrie fjordar.
Stort behov for infrastruktur
Fleire aktørar påpeika at for å få fart på overgangen til meir miljøvenleg skipsfart, og for å redusera risikoen for reiarlaga, er det viktig å raskt få på plass infrastruktur for fornybar energi i hamnene langs kysten. Ein god nyheit som var presentert på seminaret var at Pilot-E no kjem med ei tredje utlysing til Utslippsfri Maritim transport 2.0, som blant anna skal støtta infrastruktur, skip som går i høgare fart og over lengre strekningar utsleppsfritt, og utsleppsfrie løysingar for segling i fjordar og når skipet ligg i hamn. Dette er ei utlysing som er svært relevant for medlemmene i NCE Maritime CleanTech.
Neteland, som også presenterte Havila si løysing for ny Kystrute på seminaret, la også press på politikarane:
– Havila sine Kystrute-fartøy får batteripakkar som gir moglegheiter for å køyre betydelege avstandar elektrisk. Men det forutset at me får infrastrukturen på plass, sa han.
Positive signal frå politikarane
Seminaret samla over 140 deltakarar frå industrien, forskings- og utdanningsinstitusjonar og det offentlege. I ein paneldebatt under seminaret møtte industrien politikarane til diskusjonar om verkemidlar for utsleppsfrie fjordar og maritim sektor. Her deltok seks representantar frå Energi- og miljøkomiteen, som i slutten av månaden skal handsama Norges klimastrategi mot 2030 og ei rekkje forslag til tiltak for utsleppskutt frå SV; Liv Kari Eskeland (H), Ketil Kjenseth (V), Ole Andre Myhrvold (Sp), Lars Haltbrekken (SV), Else May Botten (Ap) og Tore Storehaug (KrF).
I debatten uttrykte alle politikarane at dei ser behovet for strengare miljøkrav.
– For fjordane er det ikkje noko anna alternativ enn setja strengare miljøkrav. Og industrien har vist at teknologien er klar, sa dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland.
Signala frå næringa var tydeleg mottatt, og Lars Haltbrekken (SV) meinte politikarane har eit ansvar for å følgja opp når bransjen meiner krava er for slappe.
– At industrien fortel oss at Kystrute-anbodet var for dårleg, er eit tydeleg signal til oss politikarar om at me heng langt etter. Eit vedtak om utsleppsfrie fjordar vil gi viktige signal til selskapa som no skal utvikla skip til ny Kystrute, sa Haltbrekken under debatten.
Nullutslepps hurtigbåt
Ein anna spanande nyheit som vart slept på seminaret var at Trøndelag Fylkeskommune har valt fem konsortier som skal konkurrera om å levera utsleppsfrie hurtigbåtar som skal gå i trafikk i Trondheimsfjorden. Dei fem konsortia som får utviklingskontrakt er leia av Brødrene Aa, NTNU Technology Transfer og Flying Foil, Rødne Trafikk As, Transportutvikling As og klyngepartnar i NCE Maritime CleanTech Selfa Arctic AS.
Utviklingsprosjekta skal jobba fram og demonstrera at nullutslepp er mogleg for hurtigbåtar med hastigheiter over 30 knop.