VIDEO: Under klyngeverkstaden i Rosendal gav fagdirektør Sveinung Oftedal frå Klima- og miljødepartementet klynga unik innsikt i korleis IMO-forhandlingane gjekk føre seg, og kva han meiner må til for at skipsfarten skal nå målet om 50 % reduksjon i utslepp.

Med nesten 100 representantar frå nær 80 klyngeverksemder til stades, gjekk Sveinung Oftedal gjennom hendingane som leidde fram til ein internasjonal einigheit om å kutte klimagassutsleppa frå skipsfarten med 50 % innan 2050.

–  Me hadde eit utfordrande utganspunkt, då situasjonen mellom landa var sterkt polarisert og ambisjonane varierte veldig. Men situasjonen krev tiltak no, og det var difor veldig gledeleg at me klarte å få landa til å einast om ein konkret ambisjon, seier han.

Det er no jobben byrjar
Sjølv om vedtaket satt langt inne, er det no den verkelege jobben byrjar. Oftedal meiner næringslivet må gripa moglegheitene som byr seg.

– Nokon må utvikla og levera dei løysingane som trengs, og eg kan ikkje sjå nokre miljø som er så langt framme som den norske maritime industrien. No dreier det seg om å styrke denne posisjonen ytterlegare, samt å posisjonera seg internasjonalt.

Oftedal la også vekt på at samarbeid er ein av dei viktigaste føresetnadene for å nå måla som er sett av IMO. Både mellom myndigheiter og næringsliv og mellom industriaktørar.

For å få internasjonal skipsfart til å gå mot nullutslepp er det avgjerande at me har klyngemiljø som NCE Maritime CleanTech. Klyngene har ein stor fordel med at folk med ulike roller og kompetanse kjem saman og lagar nye løysingane. Det trur eg er ein styrke med den norske modellen.

Sjå heile intervjuet med Sveinung Oftedal her:

International shipping towards greener waters (Sveinung Oftedal on the IMO negotiations) from NCE Maritime CleanTech on Vimeo.

Klikk her for å sjå att heile livestraumen frå Sveinung Oftedal sitt innlegg om IMO-forhandlingane.