Tre studentar har med støtte frå mellom anna Østensjø, Eidesvik og NCE Maritime CleanTech sett nærmare på korleis reiarlaga nyttar batteri i offshorefartøya sine.
Samarbeid med utdanningsinstitusjonar i regionen er ein viktig del av NCE Maritime CleanTech sitt arbeid, og klynga har bidratt med nettverk og ekspertise til ei rekkje studentoppgåver.
Ei av oppgåvene der NCE Maritime CleanTech har bistått i år omhandlar batterihybride fartøy. Her har dei tre bachelorstudentane i nautikk Christian Bae Ildhusøy, Mats Ulvøen Håkonsund og Sindre Midthun Almelid skrive om ulike batteriløysingar og tryggleiken og risikostyring i høve til desse systema i offshorefartøy.
– Hybridsystem er teknologi som det er viktig å ha kunnskap om. Me kan fort enda på ein båt som har denne typen framdriftsløysingar i framtida. Det har vore ein veldig interessant oppgåve, og me har blitt veldig godt hjelpte av reiarlaga og av NCE Maritime CleanTech, som var dei fyrste me kontakta da me starta med oppgåva i haust, seier Bae Ildhusøy.
Positive til hybridløysingar
Dei tre har gått tre år på dekksoffiserutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet, avdeling Haugesund. Etter kadettida står dei att med sertifikat som styrmann på det fyrste nivået. Som kadett skal Bae Ildhusøy på ein brønnbåt, medan dei to andre skal på tankar og offshorefartøy.
– I all hovudsak oppfatta vi reiarlaga som positive til hybridløysingar, og både Eidesvik og Østensjø har jo begge gått føre og vist kva som er mogleg. Me har mellom anna konkludert med at spesielt det å nytta batteri i fartøy som driv med DP-operasjonar har mykje for seg, seier han.
Gode karakterar
Under arbeidet med oppgåva var studentane også om bord i North Sea Shipping sitt North Sea Giant, som vart oppgradert med batteripakke hos Aibel i Haugesund i vinter. Studentane fekk gode karakterar på «Hybrid-oppgåva», som me publiserer så snart den er offentleg.
– Det har vore mykje hardt arbeid, men det har det vore verdt. Eg trur alle tre håpar at me kjem borti denne typen miljøvennlege løysingar når me sjølv skal begynne å arbeida på sjøen, seier Christian Bae Ildhusøy.
– Ei leseverdig oppgåve
Egil Arne Skare frå Østensjø har vore ein frontfigur i arbeidet med hybride kraftløysingar i offshorefartøy. Han var ei god støtte i arbeidet med oppgåva, saman med Vermund Hjelland frå Eidesvik.
– Dei var på besøk hos oss og har intervjua meg, og gjorde vel det same hos Eidesvik. Resultatet av samtalane ser me i oppgåva. Det er ei leseverdig oppgåve, og eg synes dei har fått med seg det essensielle. Det er utruleg kjekt at dei som snart skal ut i yrkeslivet viser interesse for hybride kraftsystem om bord i skip. Dei er nøydt til å setta seg inn i dette, for det er den vegen det går, seier Egil Arne Skare.