Mange av våre klyngeverksemder har vidareutvikla sine idear med støtte frå Innovasjonsrammen og NCE Maritime CleanTech. No er utlysinga for hausten kome, og fristen for å søkja er 15. september.

Innovasjonsrammen er ei finansieringsordning for klyngeverksemder frå Innovasjon Norge. Hensikten er å støtta arbeidet med nye idear og konsept i ein tidleg fase for å auka farta på teknologiutviklinga.

Våren 2018 fekk tre nye innovasjonsprosjekt i klynga støtte frå Innovasjonsrammen, på til saman 600 000 kroner. Det er tredje året på rad at Maritime CleanTech får støtte frå ordninga til prosjekt som skal gjera skipsfarten meir miljøvennleg.

Søknader til Innovasjonsrammen må inn innan 15. september. Her eit bilde av ein PSV bygd om til cruisefartøy i eit Innovasjonsrammeprosjekt som starta i 2017 med klyngedeltakarane Hardcruise og Wärtsilä.

– Bedriftene i klynga har lukkast godt med søknader til Innovasjonsrammen tidlegare. Det syner at me har høg innovasjonsevne blant våre medlemmer og at me klarar identifisera prosjekt som egnar seg for denne ordninga. Prosjekter som har vore gjennom Innovasjonsrammen er også godt posisjonerte for å gå vidare i verkemiddelapparatet, seier dagleg leiar Hege Økland i NCE Maritime CleanTech.

Søknadane sendast inn elektronisk av verksemdene sjølve via denne sida. Me i klyngeadministrasjonen kan bidra med råd og leggja til rette om ynskeleg.

Innovasjonsrammen gjev støtte til to typar prosjekt; forstudie (mobilisering) og forprosjekt (konseptualisering).

Ein forstudie kan få 150 000 kroner i støtte og skal i tillegg til å få fram nye produkt bidra til at verksemdene kan gjera naudsynte avklaringar før ein prioriterer vidare i prosjektet. Eit forprosjekt kan få 300 000 kroner i støtte og går til prosjekt med stor innovasjonshøgde, innan teknologi, prosess, teneste eller forretningsmodellar.

Sjå heile utlysinga her og kontakt klyngeadministrasjonen ved spørsmål .