Student Jostein Hella frå HVL i Bergen (i midten) er nysgjerrig på korleis innovasjon går føre seg i næringslivet.

Engasjerte studentar frå Høgskulen på Vestlandet la sin Industrisafari til Stord denne veka. Hos NCE Maritime CleanTech fekk dei innblikk i korleis innovasjon og leiing skapar vekst i industrien. 

Då HVL skulle gje fyrsteårsstudentane på masterutdanninga innan innovasjon og leiing og innovasjon og entrepenørskap betre forståing for korleis ein jobbar med teknologiutvikling i industrien, gjekk turen til Stord og NCE Maritime CleanTech og klyngedeltakar Wärtsilä.

– Me jobbar med oppgåver og lesing heile tida, men på desse turane får me sjå teorien i praksis. Det gjer at me lærer stoffet betre, og dei gjer oss meir førebudd når me sjølve skal ut i yrkeslivet, seier student Jostein Hella.

Innovasjon i praksis

Tora Haslum Myklebust gav studentane ei grundig innføring i korleis innovasjon går føre seg i klynga. Frå Wärtsilä snakka ressursansvarleg Trond Lekve om innovasjon og leiing, og sjef for maritime kraftsystem Egil Hystad heldt innlegg om korleis ein utviklar dei rette innovasjonane for framtida.

– Det er veldig spanande å få eit innblikk i korleis innovasjon skjer i praksis. Me har fått læra ein del om leiarstil og organisasjonsstruktur og om korleis det heile heng saman, seier student Malene Bruksås.

Student Malene Bruksås frå HVL vitja NCE Maritime CleanTech og Wärtsilä nyleg og vil gjerne jobba med innovasjon i maritim sektor.

Ho kjem frå det maritime fylket Møre og Romsdal og ser for seg ei karriere der ho kan vera med på å skapa noko nytt innan skipsfarten.

– Eg har lyst å driva med innovasjon sjølv, og gler meg til å finna eit område innan det maritime som eg kan skaffa meg nok kunnskap om til å utretta noko. Det me har høyrt i dag har vore veldig relevant, seier ho.

Det handlar om folk

Studentane var svært interesserte i det dei fekk høyre, og Trond Lekve i Wärtsilä Norway trur me vil sjå nokon av dei att i Wärtsilä om nokre år.

– Me har ein organisasjon og ein kultur som er tilrettelagt for at folk skal kunne komma med idear og få dei vurdert. Dersom du har ein så god ide at me ynskjer å gå vidare med den, tek me deg ut av ditt daglege verke og gjev deg tid og ressursar til å arbeide med den, fortel Lekve.

Egil Hystad og Trond Lekve frå klyngedeltakar Wärtsilä heldt innlegg om innovasjon og leiarskap.

– Det er interessant å sjå korleis dei legg til rette for innovasjon ute i næringslivet, og korleis dei gjer det enklare for dei tilsette å bidra i teknologiutviklinga, seier Jostein Hella.

– Det handlar om folk, organisasjon og korleis alt er skrudd saman. Dette handlar óg om leiarskap, ettersom denne typen innovasjon krev at du har leiarar som ikkje stoppar deg fordi dei treng deg på kort sikt ein annan stad, seier Lekve.