NCE Maritime CleanTech sin nyaste deltakar, Massterly, vil gjera nærskipsfarten konkurransedyktig med vegtrafikk ved hjelp av digitalisering og autonomi. Det kan gje store gevinstar for tryggleik, miljø og økonomi.

Massterly kom inn som partnar i NCE Maritime CleanTech i februar, og styrkar med det klynga si satsing på digitalisering. Massterly tilbyr ei komplett verdikjede for autonome skip, frå design og styringssystem til drift av fartøy som utfører avanserte service- og logistikktenester.

Pia Meling er sals- og marknadsdirektør i Massterly.

– Heilt eller delvis autonome fraktefartøy vil ikkje berre kutta kostnadar, men også gje større tryggleik og lågare utslepp for nærskipsfarten. Me vil gi lastebilane konkurranse, og målet er å flytta meir godstransport frå veg til sjø, seier Pia Meling, sals- og marknadsdirektør i Massterly.

I ryggen har Massterly solid kompetanse innan automasjon og digitalisering frå Kongsberg og skipsbygging og logistikk frå Wilhelmsen. Dei to eigarselskapa etablerte Massterly i 2018 og har sin eigen digitalsatsing og 150 RoRo-fartøy den kan testast på. Utviklinga av framtidas skipsfart treng framleis drahjelp, men Meling trur Noreg kan gå føre.

– Me er heldige i Noreg som har fleire aktørar som ynskjer å flytta grenser. Men me treng fleire vareeigarar og reiarlag som er villige til å investera, og dei treng støtteordningar som gjer slike satsingar meir attraktivt. Teknologien finst, men den må bli rimelegare. Me må også få eit oppdatert regelverk som tek vare på tryggleiken, samstundes som det ikkje hindrar investeringar i smarte og grøne løysingar til sjøs. Men eg opplever at Sjøfartsdirektoratet og Kystverket er framoverlente, seier Meling.

Ynskjer autonome og elektriske fartøy

Massterly vart etablert i kjølvatnet av Yara Birkeland-prosjektet. Det autonome, heilelektriske fartøyet er under bygging og skal på sikt gå førarlaust og utsleppsfritt mellom Yara sitt produksjonsanlegg på Herøya ved  Porsgrunn og hamnene Larvik og Brevik.

Illustrasjon: Digital tvilling av eit konteinerskip. Med nok data frå fartøya kan ein laga ein digital modell som nyttast til å optimalisera drift og vedlikehald av skipet.

– Meir enn 75 prosent av uhella til sjøs skyldast menneskelege feil, noko autonomi kan vera med på å redusera. Men fyrst og fremst handlar dette om kostnadar, og at ein stor del av transporten som går på overfylte eller ueigna vegnett i dag, kunne gått på sjøen om det var lønnsamt, seier Pia Meling.

I botn for verksemda til Massterly ligg avansert bruk av kamerateknologi, sensorarar, kommunikasjon mellom skip og land, dataanalysar, automasjon og skyløysingar. Teknologien mogleggjer overvaking, fjernstyring og tilstandsbasert vedlikehald.

– Me satsar globalt, men Noreg er eit ideelt land å starta i. Me har ein geografi som er velegna for autonome fartøy. I staden for å køyra rundt fjordar på småvegar med forureinande lastebilar, kan me kryssa dei med autonome, elektriske fartøy, seier ho.

Vil forbetra vareflyten

Massterly hjelper for tida Asko med å utgreia moglegheita for å bruke to ubemanna, elektriske fartøy som skal transportere trailerar med matvarer mellom Holmestrand og Moss. I samarbeid med NOAH ser dei også på ei løysing for frakt av avfall til Langøya utanfor Holmestrand. Dette vil redusere belastninga på vegnettet rundt hovudstaden og redusera både lokal forureining og utslepp av klimagassar. Asko vil kunna erstatta 128 lastebilar dagleg og spara 16000 sjåførtimar og éin million kilometer køyring årleg.

– Til no har me rekna på enkeltprosjekt mellom faste hamner, slik som prosjekta til Yara eller Asko. Men det er når fleire lasteeigarar kan gå saman om eit større system, med fleire skip og fleire hamner, at me begynner å sjå dei store gevinstane, seier Meling.

Wilhelmsen er deleigar i NorSea, som driv fleire offshorebasar langs noregskysten. I eit nytt prosjekt ser Massterly på forbetring av vareflyten i samband med disse.

– Me ser på alt frå autonome løysingar i hamnene, til førarlause låg- eller nullutsleppsskip som går mellom hamnene eller ut til plattformane. No er det store offshoreskip som går ut til plattformene med mindre forsyningar, seier ho.

Trur på samarbeid

Massterly er ei av fleire nye klyngeverksemder som nyttar digitalisering for å driva meir lønsamt. Potensialet er enormt, i fylgje Pia Meling. Ho trur at Noreg kan bli best i verda på digitalisering, og ynskjer et nasjonalt løft innan maritim bransje.

– Eg vil heller samarbeida med til dømes Wärtsilä om å skape ny vekst for den norske maritime industrien enn å konkurrera. På sikt vil me tene på det, all saman. Me treng ein norskbasert verdikjede som kan gi eit komplett tilbod. Sjølv om me er konkurrentar innan delar av teknologien, så  har me forskjellige styrkar og vinklingar på ting. Set me det saman, vert heilskapen betre, seier ho.

Klyngedeltaking er samarbeid satt i system, og Meling ser fram til å vera med til dømes på årsmøtet 21. mars for å bidra med kunnskap og tileigna seg ny.

– Me er allereie medlem av klynga Sustainable Autonomous Mobility System på austlandet, og håpar me kan tilføra NCE Maritime CleanTech ny kunnskap om autonomi og digitalisering. Det veit me mange teknologileverandørar og reiarlag er opptekne av. Sidan Wilhelmsen sine fartøy går på verdshava, kunne det óg vore interessant å sjå om det finst skip i klynga me kan nytta i eit utviklingsprosjekt lokalt.

Massterly er allereie i dialog med fleire klyngeverksemder om samarbeid, mellom anna skipsbyggjarane Brødrene Aa og Orcas, som leverer autonome fartøy for plastinnsamling.

– Me ser at klynga allereie er involvert i fleire prosjekt som er interessante for oss. I tillegg kan me utfylla kvarandre geografisk. Me er veldig glade for å bli medlem av klynga, som er leiande på det å gjera skipsfarten grønare, avsluttar Pia Meling.