OED og KLD samarbeider no om utarbeiding av regjeringas hydrogenstrategi. Dei to departementa skal lage ein strategi for forsking, teknologiutvikling og bruk av hydrogen i løpet av 2019.
– Auka bruk av hydrogen vil kutte utslepp av klimagassar og gje ny verdiskaping i Noreg. Hydrogen kan erstatte diesel og bensin i tungtransport og skipsfart. Hydrogen er òg godt eigna i bygg- og anleggsmaskiner og kan vere relevant for delar av prosessindustrien, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen.
I sitt innspel til departementa har NCE Maritime CleanTech fokus på korleis hydrogen og hydrogenbaserte drivstoff kan bli ein “game changer” for nullutsleppstransport innanfor ei rekkje segment, og korleis utvikling av gode løysingar i Noreg vil gjera ein stor global forskjell for klima og miljø.
Klynga peika også på at utvikling av ein god strategi for miljøteknologi ikkje berre er god miljøpolitikk, men er også svært viktig næringspolitikk. Norske verksemder er avhengige av teknologisk utvikling og miljømessig omstilling for å behalde internasjonal konkurranseevne og trygge norske arbeidsplassar.
Me er sikre på at hydrogen vil mogleggjere store utsleppskutt i skipsfarten. Samtidig står industrien også ovanfor nokre barrierar som må løysast for å akselerera implementeringa av hydrogen som drivstoff. Me ser det difor som svært positivt at regjeringa no ynskjer å utarbeida en heilskapleg strategi for hydrogen, seier dagleg leiar i klynga, Hege Økland.
Blant elementa som NCE Maritime CleanTech meiner må omfattast av ein slik strategi er eit sterkt verkemiddelapparat, oppbygging av infrastruktur, tilrettelegging for demonstrasjonsprosjekt og internasjonalt samarbeid.