Deltakarbedrifter i NCE Maritime CleanTech kan no søka om midlar til å vidareutvikla nye idear med støtte frå Innovasjonsrammen. Søknadsfrist er 12. april.

Millionstøtte til klyngebedrifter

Utvikling av konsept for eit elektrisk, autonomt fartøy for Haugesund kommune var eit av prosjekta som fekk støtte gjennom Innovasjonsrammen i 2018.

Innovasjonsrammen er Innovasjon Norge si utlysing for bedrifter som deltar i klyngesamarbeid. Målet er å støtta arbeidet med nye idear og konsept i tidleg fase, for å auka farten på teknologiutviklinga.

I 2018 fekk deltakarbedrifter i NCE Maritime CleanTech over 1 million kroner i støtte frå Innovasjonsrammen.

– Bedriftene i NCE Maritime CleanTech har gjennom mange år vist høg innovasjonsevne, og det dukkar stadig opp nye idear til aktivitetar for å gjera skipsfarten meir miljøvenleg. Får ein støtte til forprosjekt gjennom Innovasjonsrammen er ein godt posisjonert for vidare idéutvikling gjennom andre støtteordningar, seier dagleg leiar Hege Økland i NCE Maritime CleanTech.

Samarbeid om forstudie eller forprosjekt

Midlar frå Innovasjonsrammen blir gitt til to typar prosjekt: forstudie (mobilisering) og forprosjekt (konseptualisering). Merk at prosjektet må involvera samarbeid med andre verksemder, fortrinnsvis andre klyngebedrifter.

Ei forstudie kan få 150.000 kroner i støtte, og skal i tillegg til å få fram nye produkt bidra til at verksemdene kan gjera naudsynte avklaringar før ein prioriterer vidare i prosjektet. Eit forprosjekt kan få 300.000 kroner i støtte og går til prosjekt med stor innovasjonshøgde, innan teknologi, prosess, teneste eller forretningsmodellar.

Søk innan 12. april

Send enkel prosjektbeskrivelse (bruk denne malen) til innan 12. april.

Ta kontakt med dersom du har spørsmål.